Søk i arkivet

50 år med oppdrett mellom to permar

Jakten på det sølvblanke gulletAlle i oppdrettsnæringa og dei fleste som bur på kysten har høyrt om Erling Osland frå Bjordal. Han var ein pioner for oppdrett av fisk, og ein føregangsmann i organiseringa av norsk oppdrettsnæring. I dag er det tredje generasjon Osland som styrer verksemda på Høyanger sørside. No er historia til oppdrettsfamilien tilgjengeleg mellom to permar.

Det er den lokale journalisten og forfattaren Stig Hovlandsdal Øvreås som har skrive og gjeve ut boka om Oslandssoga; “Jakten på det søvblanke gullet”. Boka har blitt eit lesarvenleg og fargerikt dokument over personane, verksemda og oppdrettsnæringa. Rikt utsyrt med bilete og intervju med sentrale personar, er boka ein fryd både i og utanfor oppdretsmiljøet.

I ei tid då oppdrettsnæringa vert framstilt som ein løpsk gigantindustri, er det nyttig å ta ei oppteljing og sjå korleis denne næringa har utvikla seg i løpet av eit halvt hundreår. Frå spede forsøk i jorddammar og avstengde vikar, har ein i dag ein produksjon som forsyner heile verda med fisk frå norske farvatn. Det som var etla til å bli ei attåtnæring for fiskarar og bønder, har vorte kysten si viktigaste vekstnæring. For alle som trur at det har kome rekande på ei fjøl, vil det vere nyttig å lese historia om Osland Havbruk.

Ynskjer du å kjøpe boka? Bestill ho her

Tekst: Øyvind Kråkås    Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås