Søk i arkivet

100.000 arbeidsplassar av laksen

Carrefour1Ei undersøking gjennomført av Kystmagasinet, syner at foredling av norsk laks syter for 100.000 arbeidsplassar i utlandet.

Ubearbeida laks har tollfriheit inn til EU, medan foredla laks er pålagd toll. Fleire europeiske land er store på å foredle norsk fisk og selje den vidare. Eit døme på dette er Polen, som er den tredje største importøren av norsk laks. I fjor auka eksporten av laks til Polen frå 100.000 tonn til 133.000 tonn.

I fylgje tal frå SINTEF fiskeri og havbruk, skapte foredling av laks og aure 15.100 arbeidsplassar i Noreg i 2009. 6600 av desse er direkte i foredling, medan resten kjem frå indirekte verdiskaping.

Tekst: Øyvind Kråkås/ Norsk Sjømat nr. 1 2013