Søk i arkivet

“Tare kan bli like stort som lakseoppdrett”

Integrert Akvakultur– Vi har tru på at tareoppdrett kan bli ei stor og viktig næring, seier Aleksander Handå, forskingsleiar ved SINTEF Fiskeri og havbruk. Ei lang og beskytta kystline, saman med eksisterande lakseproduksjon er med og favoriserar Noreg som tareprodusent.

Det er i eit intervju med avisa Bergens Tidende at Aleksander Handå uttalar seg svært positivt om tare som ei ny dyrkingsnæring i Noreg. På spørsmål frå avisa om kva bruksområde ein ser føre seg for taren, seier han:

– Vi konsentrerer oss om tre felt, mat, gjødsel og bioenergi. Vårt syn er at potensialet er størst for bioenergi, men at taren også må nyttast i fleire produkt for at det skal løne seg. Vi ser også at ein del jobbar for å dyrke tare til bruk i mat, både til menneske og i dyrefôr. I tråd med at folk et meir sushi, aukar etterspurnaden etter tare.

Salmon Group har saman med Sulefisk og Hortimare jobba i tre år med prosjektet Integrert Akvakultur. Vi har studert metodar for produksjon av små tareplantar for utsett, og jobbar no med å opparbeide meir kunnskap om taren sin vekstsyklus og påverknad frå lakseproduksjonen. Vi jobbar ut frå kommersielle mål for vekst og arealutnytting.

Då vi sist onsdag sette ut nokre testliner i Solund, var journalist og fotograf frå BT med ut. Du kan lese meir om dette på BT.no.

Tekst: Øyvind Kråkås     Foto: Job Schipper