Søk i arkivet

Store luseproblem på Færøyane

Færøyane-Problemet med lus er større enn det vi likar å snakke om, seier direktør Atli Gregersen i den færøyiske lakseverksemda Hiddenfjord.

I eit intervju med bransjenettstaden Intrafish seier han at lus no er det store fiskevelferdsproblemet på Færøyane, og at resistensproblem har tvunge fram mykje bruk av hydrogenperoksid. Dette middelet gjev inga ureining av miljøet, men tek hardt på fisken og svekkar motstandsevna mot sjukdom og nye lusepåslag.

Etter ei økologisk krise på midten av 2000-talet har Færøyane no bygd opp att sin produksjon til rundt 70 000 tonn fisk. Til samanlikning produserar Salmon Group over 100 000 tonn. “Den færøyiske modellen” får mykje av æra for at vegen opp att har gått sopass glatt, men det er usikkert kva som er den eigentlege suksessfaktoren blant dei grepa som er gjort. Arealutvalet framhevar soneinndeling med strenge restriksjonar på utveksling av levande materiale og koordinert utsett og brakklegging som det avgjerande, men det skal og leggast til at Førøyværingane har gjort mykje på smoltkvalitet, og før krisa opererte dei heller ikkje med generasjonsskilje på lokalitetane, noko som i den tid det vart innført i Noreg ga svært oppløftande resultat her.

Så viser det seg altså at koordinerte utsett og brakklegging ikkje verkar inn på lusepresset, noko Salmon Group lenge har påpeika. Med tanke på dei resultata Mattilsynet kom fram til etter forsøk i Trøndelag og Møre og Romsdal, der det synte seg at knapt fjerdeparten av dødelegheita skuldast sjukdom påført i sjøfasen, er dette eit tankekors. Handtering av fisk ved til dømes avlusing kan vere ein større dødelegheitsfaktor enn sjukdom, i tillegg til at handteringa gjere fisken meir sårbar for sjukdom. Også smoltkvalitet synte seg å vere ein viktigare faktor enn sjukdom.

Med denne kunnskapen til grunn, vil vi tru at det vert avgjerande for Færøyane å snarast finne ein modell for å bli kvitt dei store luseproblema. God smoltkvalitet er ei viktig ballast, men over tid vil mykje lus og tilhøyrande handtering av fisken utgjere ein stor risikofaktor ved eventuelle anslag av sjukdom. Dersom ein ikkje lukkast med dette, kan heile historia om den færøyiske modellen syne seg å bli forteljinga om ein kortvarig opptur.

Tekst: Øyvind Kråkås