Søk i arkivet

Steinvik Fiskefarm AS går inn i Salmon Group

Alex og Inge Helge VassbottenSalmon Group er stolte av å kunne melde at Steinvik Fiskefarm AS no har valt å slutte seg til nettverket. Med dette styrkar Salmon Group en allereie solid posisjon i oppdrettsnæringa, nasjonalt, i Sogn og Fjordane og på vestlandet.

Steinvik Fiskefarm har base i Flora kommune, og driv 7 konsesjonar for laks og aure. Produksjonen føregår i Flora og Askvoll. Dagleg leiar er Alex Vassbotten, som grunnla og eig selskapet saman med far sin, Inge Helge Vassbotten. I tillegg til matfiskproduksjon, har dei og eigarinteresser i settefiskproduksjon, eksportselskapet Seaborn, dykkarfirma og teknologiutvikling og utstyrsproduksjon for opprett gjennom selskapet Havsterk. Selskapet har og visningssenter for havbruk, der besøkande får lære om næringa.

– Vi ser nytten av å stå ilag, både på innkjøpssida og for å ha eit nettverk å styrke seg på både for leiarar og tilsette i verksemda. Dessutan treng vi Salmon Group som eit talerør overfor styresmaktene, seier Alex Vassbotten.

Salmon Group nettverket har vore i sterk vekst dei siste åra. Verdien av å ha eit sentralapparat i ryggen betyr stadig meir for dei mindre selskapa. I tillegg til solid fagkunnskap og oppfylging av fôravtalar og andre stordriftsfordelar på vegne av aksjonærane, har nettverket sett i verk eit stort arbeid for å sikre dei lokaleigde aktørane si konkurranseevne i høve til storselskapa og skiftande rammevilkår.

– Stor oppslutnad i målgruppa er viktig for nettverket si slagkraft og legitimitet. Vi er landets tredje største havbruksaktør, men lokalt eigarskap er stadig under press. Det å få eit selskap som Steinvik Fiskefarm inn i rekkene er ei formidabel styrking av vår verksemd. Selskapet er solid, offensivt og framtidsretta, nett slik vi ynskjer å framstå som nettverk, seier dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: www.steinvik.no