Søk i arkivet

Spørsmål og svar om integrert akvakultur

Integrert AkvakulturEi tverrfagleg gruppe ved NTNU jobbar for tida med eit prosjekt rundt IMTA, Integrert multitrofisk akvakultur. Salmon Group driv som kjent eit prosjekt på dette feltet, og vi har difor svart studentane på ein del spørsmål om emnet. Vi tykkjer at deira spørsmål er so gode at vi legg spørsmåla og våre svar ut på nettsidene våre. Les og lær.

Hva slags muligheter mener dere finnes for integrert akvakultur i Norge?

Potensialet er stort, Noreg er ideelt for ei slik dyrking. Men det vil kreve satsing, og politikarane på legge til rette for og premiere ei slik utvikling.

Hvilke utfordringer er knyttet til satsning på integrert akvakultur?

Manglande regelverk, manglande infrastruktur for ferdig produkt og evt tilgang på dyrkingsareal.

Er det et marked for storskala skalldyr- og tareoppdrett i Norge? Ser dere for dere at dette primært vil være en eksportvare eller tror dere at det også vil være et stort marked i Norge?

Vi jobbar ikkje med skaldyr, men for tare ser vi først og fremst ein internasjonal marknad. Vi ynskjer å nå dei best betalande marknadane for å nå våre kommersielle mål. Det vil neppe vere eit problem å bli kvitt taren i Noreg, men til for låge prisar.

 Hvem har “ansvaret” for finansiering av satsing på IMTA i Norge?

Satsinga må skje gjennom private investorar, med støtteordningar for forsking og utviklingsarbeid.

 Hvordan opplever dere blant annet at tilretteleggingen fra myndighetenes side er?

Altfor dårleg. Vi har enno ikkje eit regelverk som tillate integrert akvakultur, og der har ikkje kome ordningar som stimulerar til denne typen miljøsatsing. Vi håpar dei grøne konsesjonane vil vere eit steg på vegen.

Er IMTA et område som det er økonomisk lønnsomt for næringen å satse på?

Ikkje per i dag. Det vil kreve utviklingsarbeid både på produksjonssida og markandssida for at dette skal bli lønsomt.

 Hvilke andre aspekter gjør dette til et interessant satsningsområde for Salmon Group?

Interessa å utnytte ressursar, viljen til å utvikle næringa og draumen om å etablere ei ny primærnæring som eit spin-off av lakseproduksjonen.

Svar ved Øyvind Kråkås, prosjektleiar Integrert Akvakultur