Søk i arkivet

Snakkar ein om smolt for å sleppe å snakke om slaktefisk?

Nils Inge HitlandSalmon Group meinar at fokuset på PD smitte gjennom tilførsel av smolt frå andre regionar altfor lenge har overskugga smitterisikoen ved transport av slaktefisk.

– Gjennom screening og lukka transport kan ein i langt større grad førebygge smitterisiko ved flytting av smolt enn ved flytting av stor fisk, seier dagleg leiar Nils Inge Hitland. I dag føregår der systematisk flytting av slakteklar fisk over store område. Ein ser ein umiskjenneleg samanheng mellom denne transporten og smitteutvikling hos anlegg som ligg i brønnbåtleia. Ein har og ei rekke tilfelle der det har vorte gjeve løyve til å flytte PD smitta fisk. Så lenge denne praksisen føregår, verkar det som feilinformerande og søkt å snakke om smittefare ved smolttransport.

Når ein tillet sentralisert slakting og flytting av stor sjuk fisk, vert dette ofte grunngjeve med økonomiske konsekvensar. Dei økonomiske konsekvensane ved forbod mot sal av smolt over regiongrensene, er det ingen som snakkar om. Ein har i dag regionar som ikkje er sjølvforsynte med smolt, og ein har produsentar som baserar seg på å forsyne desse. Det vil bli kroken på døra for desse verksemdene dersom eit slikt forbod skulle kome.

Tekst: Øyvind Kråkås