Søk i arkivet

Salmon Blog: Utsetjingsminister tek attval

Knapt nokon norsk statsråd har fått ein so vanskeleg start som Lisbeth Berg-Hansen, og likevel klart å kome vidare. Ho blei redda av at ho ikkje hadde gjort noko gale. Til slutt kan manglande handling bli det som feller ho.

Då Lisbeth Berg-Hansen vart introdusert som fiskeri- og kystminister av Jens Stoltenberg hausten 2009, låg TV2 klare med klagemål om inhabilitet og korrumperte nettverk i kystnæringane. Fleire medieaktørar kasta seg på i det som skulle bli eit mange månaders drev mot den ferske statsråden. Eigarskapet i oppdrettsverksemda Sinkaberg Hansen, og påstandar om å ha mildna straffereaksjonar etter ei rømming hos denne, vart nytta til å mistenkeleggjere Berg-Hansen.

I laksenæringa hadde Lisbeth Berg-Hansen jamt over god støtte i denne striden, om enn ikkje ute i mediekøyret. Kunnskap om næringa og lang fartstid både i næringsliv og organisasjonsliv ga håp om at ho kunne bli ministeren som tok eit skikkeleg tak for framtida til norsk lakseproduksjon. Nokre få gjekk ut og støtta ho i pressa. Kanskje heldt mange seg vekke for ikkje å bygge ytterlegare opp om påstandane om kameraderi og tette band.

Utpå nyåret 2010 stilna stormen mot statsråden. Det spesielle med denne saksgangen, var at det var media sjølve som blåste av kampanjen dei hadde starta. På kommentatorplass i Dagens Næringsliv og Bergens Tidende dukka det opp konklusjonar om at Lisbeth Berg-Hansen faktisk ikkje hadde gjort noko gale. Alt var berre mistankar, hausa opp til det nær uoverstigelige. Her var ikkje delt ut pengar eller gode avtalar til nære og kjende.

I popularitetsmålingar som vart gjorte seinare dette året, kom det fram at mange i kystnæringane meinte at statsråden hadde tapt terreng under denne kampanjen, til trass for at ho fekk halde fram i jobben. Ho sto svekka attende, med lite handlingsrom og handlekraft. Hadde ho vunne slaget, men ville tape krigen?

Ettertida kan tyde på det. I laksenæringa har ho mange gongar vorte skulda for å vere for spak og ettergjevande overfor interesser som ynskjer å hemme næringa sin vekst og utvikling. Generelt har ho utsett avgjerda i mange saker. Stad skipstunell og U-864 ved Fedje ligg framleis uavklarte. Hardangerfjordforskrifta heimsøkjer framleis eit av landets beste område for lakseoppdrett. Arealutvalet sine forslag om å øydelegge lokalt eigarskap gjennom å innføre produksjonsområde skaper kronisk uro hos mange av dei som har vore i næringa sidan åttitalet. For sikkerheits skuld er eigarskapsavgrensinga oppheva. Veksten er utsett og bortforklart gjennom varslinga om obskure utviklingskonsesjonar.

Verda etterspør stadig meir laks. Lågare prisar har introdusert norsk fisk til stadig nye kundegrupper. Men vi er i ferd med å bli verdsmeister i å selje ei vare vi knapt får lov til å produsere. Lisbeth Berg-Hansen kan fiskeoppdrett. Ho skjønar strukturane og regelverket til næringa betre enn dei fleste. Likevel har ho ikkje gjort nokon grep for å sende laksenæringa styrka inn i ei framtid med knallhard konkurranse og høge kostnader.

Denne veka har Berg-Hansen gjort det klart at ho ynskjer ein ny periode som fiskeristatsråd. Den raudgrøne oppslutnaden på meiningsmålingane talar mot det, men der kan ting framleis endre seg. Då er nok tida knappare for å heve statsråden sin eigen popularitet. Hennar politiske framtid er truga av at ho har gjort for lite, ikkje at ho har gjort noko gale. Ho er blitt for fjern for dei ho var skulda for å sitje for nær.

Tekst: Øyvind Kråkås