Søk i arkivet

Salmon Blog: Når makta ikkje ynskjer debatt

Janne SollieDå Direktør for naturforvaltning, Janne Sollie, heldt innlegg på AqKva konferansen på Stord sist veke, var ho oppteken av å distansere si rolle frå det politiske. Det ville ho mellom anna gjere ved å heve seg over einkvar diskusjon.

Sollie har heilt rett når ho seier at det er politikarar som har bestemt at villaksen skal forvaltast på bestandsnivå. Ein kan jo spekulere på om desse politikarane visste kva dei gjorde, når dei i realiteten vedtok at ein kvar bekk med tilløp til oppgang av laks, skal forvaltast som unik, og utan avtrykk frå menneskeleg aktivitet. Men slik er det. Samstundes må det vere lov å peike på at alt som er politisk vedteke, må kunne møtast med politiske motførestillingar. Det er udemokratisk av Janne Sollie å ynskje å avblåse ein politisk diskusjon, sjølv om hevar seg over han.

Politikarar vert stadig skulda for ikkje å svare ”ja” eller ”nei” på spørsmåla dei vert stilte. Ein god grunn til at dei ikkje har for vane å gjere dette, er at det sjeldan finst so enkle og eintydige svar på samansette problemstillingar. Når Janne Sollie skuldar norsk laksenæring for å vri seg unna ansvaret for kampen mot lakselus og rømming, stemmer det dårleg med realitetane. 1,5 milliard kroner vert nytta på å nedkjempe lus årleg, og talet er stigande. Norsk oppdrettsnæring er i ferd med å sluttføre kanskje tidenes standardisering av produksjonsteknologi, gjennom anleggssertifisering av alt utstyr som vert nytta på sjøen.

Noko anna ho unngår med sitt resonnement, er trongen for nyansar i diskusjonen om påverknad frå oppdrett på ville bestandar. Det er ikkje snakk om å jobbe mot lus eller å la ho yngle fritt. Ingen ynskjer at lusa skal ete uforstyrra på laksen i anlegga, det vil ramme fiskevelferda og vere ein drivar for store sjukdomsutbrot. Men det er heller ikkje beint fram å bestemme seg for å utrydde lusa. Lusa har truleg vore der omtrent like lenge som villfisken. Dessutan har dei fleste av dei kjende metodane mot lus potensielle negative biverknader. Om vi ikkje brukar dei med måtehald, vil lusa og oppnå resistens mot dei. Då står vi brått makteslause. Difor er det viktig å finne ein balansegang i arbeidet mot lus, med omsyn til både tettleik og årstid.

Om Sollie siktar til at det berre er å ta i bruk ny teknologi, so løyser ein problema med lus og rømming utan negative sideeffektar, så vil eg minne om det SINTEF sa under høyringa i Stortinget før jul; det er ikkje nokon kvikk fiks å erstatte eksisterande teknologi med ”lukka anlegg”. Forsøka som er gjort er i liten skala, og utan eintydige konklusjonar. Prisane på slike installasjonar treng ikkje å vere uoverstigelege om den verkar etter føresetnadane. Men den som satsar på feil hest, taper pengane. Og risikofaktoren har absolutt sitt å seie når ein snakkar om kva teknologiinvesteringar verksemder kan gjennomføre. I motsetnad til DN og Mattilsynet, må næringslivet betale også for tiltak som ikkje verkar.

Sollie snakkar gjerne om rapportar frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning og ”våre ledende forskere”. Rapporten som DN bestilte frå Rådgivende Biologer, som syner at lus ikkje har hatt den bestandsregulerande effekten som desse favorittforskarane seier, omtalar ho ikkje med eit ord. Kanskje held ikkje desse rapportane mål, men all den tid ein har teke kostnaden med å bestille dei, verkar det påfallande og lite tillitvekkande å aldri nemne dei. Nettopp slike val med omsyn til kommunikasjon, er med på og svekkar DN sin posisjon som forvaltar av kunnskap.

Samstundes som direktør Sollie skuldar laksenæringa for å halde feil fokus, byter ho sjølv hest i fart. No skal det handle mindre om villasen, og meir om sjøauren. Denne kan snart vere utryddingstruga, seier ho. Er den det, all den tid der er for mykje av den same arten i dei fleste ferskvatn rundt omkring? Kan ein vere so skråsikker på korleis sjøauren vert påverka av ulike faktorar, sjølv om vitskapen rundt den ligg mange milliardar bak den forskinga som er gjort på villaksen? Kva veit vi om evna sjøauren har til å gå opp i ferskvatn for å avluse seg sjølv? Alt dette er spørsmål som Sollie ikkje ynskjer seg. Ho vil at oppdrettsnæringa skal ta på seg skulda, koste kva det koste vil. Og i det standpunktet ligg der faktisk meir politikk enn vitskap, sjølv om ein ikkje ynskjer å utsetje seg for offentleg ordskifte. Sjølv diktatorar er politikarar.

Tekst: Øyvind Kråkås