Søk i arkivet

Salmon Blog: Meir av alt som er bra

Dei grøne konsesjonane skal gje oss utteljing på alle ting som kan vere positive. Ein kan lett sitje att med same kjensla som av dei amerikanske reklamane på TV-shop. Det vert rett og slett for mykje på ein gong til at det får truverde.

Ingen veit noko om korleis krava vil sjå ut. Men vi blir forsøkt overtydde om at det er dei aller klokaste hovuda som skal klekkje dei ut. Klokaste på kva då? Lus? Laks? Eller idear om kva som er miljøvenleg matproduksjon? Det kan uansett ikkje vere ekspertar på høgteknologisk, kommersiell, miljøtilpassa lakseproduskjon som skal sitje i rådet, for det er vel slik ekspertise ein skal utvikle gjennom desse nye konsesjonane? Poenget mitt er; der finst ingen ekspertise på ting som ikkje er utvikla. Men ulike ekspertmiljø vil truleg vere interesserte i å få konkurrere om løyva til å prøve seg fram. Kriteria vil, uansett korleis dei blir sjåande ut, passe betre for somme enn for andre.

So er det store spørsmålet kva handlingsrom det blir å prøve seg fram på. Når politikarar, teknokratar og ideologar skal gjere forarbeidet, vil der allereie der bli lagt ein del føringar og avgrensingar for korleis den nye teknologien kan bli. Nettopp desse avgrensingane kan bli avgjerande for at ideen om ny, miljøtilpassa teknologi ikkje lukkast. Berre det at ein har lagt distriktspolitiske omsyn til grunn, verkar malplassert i høve til dei andre måla ein seier ein vil nå.

Ei styrking av ordninga med Forskings- og Utviklingskonsesjonar hadde truleg vore langt meir målretta enn påfunnet om at ”grøne konsesjonar” skal utløyse næringa sitt vekstbehov. Der ville ein kunne vurdere kvart prosjekt ut frå sitt eige truverd, utan omsyn til førehandsprogrammerte politiske idear. Prosjekt som synte seg å vere vellukka både kommersielt, teknologisk og biologisk, burde bli konverterte til permanente løyve. Dette hadde gjeve breidde blant søkjarane, tryggleik for kvaliteten på forskinga og motivasjon for å lukkast. No har ein truleg spolert ei rekke potensielle suksessprosjekt, samstundes som ein har stogga veksten i næringa. Berre fordi ein ikkje leit på kreativiteten, og gjorde det om til ei politisk hengemyr av gode hensikter.

Tekst: Øyvind Kråkås