Søk i arkivet

Salmon Blog: Då mannen ville flytte frå nissen

Ved å snakke om å unngå å flytte smolt inn i andre regionar, og samstundes ynskje å evakuere matfiskproduksjon frå ein region til ein annan, unngår ein den verkeleg nyttige debatten. Den om fisken som levande individ, og prinsippa for godt dyrehald.

Flytting av stor fisk og flytting av dårlege driftsmetodar har skapt dei største problema vi har i oppdrettsnæringa. Bekymringsmeldingane for Hardangerfjorden kom då selskap utanfrå flytta store delar av produksjonen inn i fjorden for å få nyte godt av dei gode tilhøva som der var for lakseoppdrett. Dei som hadde grunnlagt sine verksemder i fjorden, hadde passa på fisken sin og akseptert lokalitetane si bæreevne, vart pressa inst i kroken og fekk ikkje ein tomme å bevege seg på. Det vart frys av produksjonen og trugsmål om nedbygging. Innflyttarane fann seg fleire område å spreie si intensive driftsform på.

Sidan har oppskriftene vore ulike; felles utsett, felles brakklegging og ”miljøtilpassa flytting”. Dei to første er ein einige om at kan ha noko føre seg, men ikkje mot alle problem og alltid. Det er kjekt med felles brakklegging. Men det er ikkje like kjekt når all fisken i eit avgrensa område er stor og snart slakteklar. Då har lus og sjukdom gode vilkår for å spreie seg og feste grepet. Ved hjelp av godt naboskap kan ein godt oppnå felles brakklegging med avvikande utsett. Då unngår ein desse oppkonsentrasjonane av stor fisk. Men enkelt blir det uansett ikkje. Fisken veks ulikt og prisane varierar. Å programmere faste slaktedatoar ved inngangen til ein produksjon er ikkje særleg tenleg.

Geografiske og regionale knep kan uansett aldri erstatte omsynet til fiskehelsa. Ein biologisk produksjon må respektere naturen sine fartsgrenser. Når ein held fisk i oppdrett, er ein ansvarleg for fisken si velferd og livsstil. Han må få nok mat og god nok mat. Han må få nok plass og stressast minst mogleg. Blir motstandskrafta til fisken for dårleg og påkjenningane for store, blir han sjuk, og i verste fall døyr han. Vi veit frå mennesket si verd at dårleg ernæring og dårlege butilhøve er med på å gjere oss sårbare for sjukdom og epidemiar. Slik er det hos fisken og.

For dårleg fôrkvalitet og for dårleg stell svekkar fisken si grunnhelse. Og med store einingar stig stresset i merdane, ikkje minst ved handtering. Sjukdomar som PD bryt ut. Store mengder fisk døyr ved til dømes avlusing. Kan hende har lokaliteten som resipient bæreevne til å tole biomassen, men fisken som levande individ blir svekka av det store påtrykket frå omgjevnadane. Som mistilpassa storbybuarar vert den oppkava og får livsstilsplager. Bæreevna for anlegget må og avpassast til biomassen innanfor notveggen, ikkje berre det som lever utanfor.

I Salmon Group meinar vi at dei store variasjonane ein ser mellom anlegg i eitt og same område, tyder på at det er meir enn naboskapet som påverkar tilstanden i merdane. God smolt, godt fôr, godt stell og nok plass er viktige faktorar for at fisken skal trivast og leve fram til kvalitets slaktefisk. Ein kan flytte frå ein nedsarva lokalitet, men ein kan ikkje flytte frå den visdomen.

Tekst: Øyvind Kråkås