Søk i arkivet

Saknar den prinsipielle diskusjonen rundt arealavgift

Pengane flygSå langt ser det ut til at mange politikarar berre har stilt seg to spørsmål rundt arealavgifta: ”Har kommunane bruk for meir pengar?” og ”Vil ein kunne tvinge fram ei slik avgift?”. Salmon Group saknar ein prinsipiell diskusjon om arealavgifta, der alminnelege skatterettslege omsyn ligg til grunn.

Foreløpig har vi ikkje sett eit einaste konkret forslag til korleis arealavgifta skal reknast, og det er difor vanskeleg å diskutere dei økonomiske konsekvensane. Men prinsipielt er det vanskeleg å akseptere ei avgift som skal rettast mot ei enkeltnæring, berre fordi ein meiner denne har ei uutnytta betalingsevne. Då må ein i alle fall ikkje snakke om arealavgift, då er det ein lakseskatt ein ynskjer seg.

Ein god diskusjon om dette temaet bør ta innover seg problemstillingar som:

– korleis skal alternative brukarar av det same arealet skattleggast?

– dersom lakseoppdrett si betalingsevne ligg til grunn (og vi har sett av vedtak i enkelte fylke at ein vil skjerme andre typar havbruk som går dårleg), skal ein då eventuelt skjerme lakseprodusentar som ikkje leverar overskot?

– i kva grad står ei slik avgift i relasjon til det øvrige skatteregimet i Noreg?

Det er eit demokratisk minstekrav at ein klarar å sjå arealavgifta i ein heilskap med andre skattar og avgifter som blir kravde inn. Dersom ein spontant skal skattlegge dei få næringane ute i distrikta som går godt over litt tid, vil dette kunne få heilt utilsikta konsekvensar. Om produktiviteten i landet går ned, vil det ikkje vere positivt for korkje skatteinngang, busetnad eller velferd.

Tekst: Øyvind Kråkås