Søk i arkivet

Regiondirektør Ulriksen tilbakeviser kritikk frå Øystein Skaala

Vidar UlriksenForskar Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttet har kritisert Fiskeridirektoratet for å somle ved rapporterte mistankar om rømming. I eit oppslag i Haugesunds Avis slår regiondirektør Vidar Ulriksen tilbake mot påstandane. Han meinar analysearbeidet til HI er so seindrektig at det øydelegg sakshandsaminga.

-Det som er gjort på uker, tar måneder, seier Ulriksen til avisa. Han siktar til analysane av DNA prøvane som vert sendt inn av fisk som ein meinar er rømd oppdrettsfisk. Konkret syner han til den mykje omtala rømmingsmistanken i Hardanger, der prøveresultata nett er komne attende til Fiskeridirektoratet, fire månader etter at prøvane vart tekne.

Ulriksen påpeikar at Direktoratet i 2012 etterforska alle rapporterte mistankar om rømd fisk, og at dei rykka ut same dag eller dagen etter. Fasit for dette året blei at rømmingstala var dei lågaste på mange år, med 38 000 rømde laks. Under uværet “Dagmar” oppsto det ikkje ei einaste røming, noko som er oppsiktsvekkande og tyder på at arbeidet som er gjort med å sikre norske oppdrettsanlegg har vore vellukka.

Salmon Group har tidlegare påpeikt saker der rettssikkerheita har vore truga medan ein venta svar på DNA prøvar. Sommaren 2011 var det snakk om utfisking i to elvar på Sunnmøre, fordi hobbyfiskarar og tilsette hos Fylkesmannen meinte det gode innsiget av laks var reultatet av ei stor røming. Då DNA prøvane kom, synte det seg at innslaget av rømd fisk var svært lågt.

Les artikkelen i Haugesunds Avis

 

Tekst: Øyvind Kråkås