Søk i arkivet

Nytt steg på vegen mot taremarknaden

Fire grader i sjøen, åtte kuldegrader i lufta og arbeid i havflata. Integrert Akvakultur set no ut nye forsøksliner med tare for å knyte til oss ny kunnskap framfor eit storskala utsett.

PrøveutsettIntegrert Akvakultur er eit norsk-hollandsk samarbeidsprosjektet for å utvikle kommersiell taredyrking i tilknyting til lakseoppdrett. Sulefisk og Salmon Group jobbar saman med hollandske Job Schipper og selskapet hans Hortimare for å finne metodar å utnytte næringssalt frå lakseproduksjonen.

Ïdeen er å nytte dei næringshaldige straumane frå anlegget til å dyrke tare effektivt. Taren kan utnyttast på mange måtar, men ein håpar å kunne ekstrahere ut mellom anna protein til bruk i menneskemat og dyrefôr. Taren er og svært sukkerhaldig, noko som kan nyttast i produksjon av biodiesel.

I fase 2 av prosjektet set vi ut nokre forsøksliner for diverse undersøkingar. Ein ventar enno på at der skal kome på plass eit regelverk som opnar opp for integrert drift mellom lakseoppdrett og taredyrking. Truleg vil vårt prosjekt vere klare til å gjere eit storskala utsett i løpet av 2014, dersom styresmaktene kjem opp med retningslinene. Eit slikt utsett vil innebære forsøk med industriell teknologi og hausting av tare som råvare.

Job Schipper hadde med seg Ann Kristin Dyrdal og Alexander Ebbing til å setje ut forsøkslinene, som skal stå om lag 3 månader i sjøen. Også avisa Bergens Tidende var med for å lage ei sak om prosjektet. Taredyrking er ei næring som i dobbel tyding ligg heilt i vannskorpa.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås