Søk i arkivet

“Lokalpolitikarar hindrar arealtilgang”

Bård Sekkingstad, Lisbeth Berg Hansen, Konrad SekkingstadI eit intervju med avisa Firda, uttalar fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen at den største utfordringa for havbruksnæringa i dag, er at lokalpolitikarar hindrar tilgangen på nytt areal.

Ho meinar at kommunepolitikarane ikkje tek regionale eller asjonale omsyn når dei disponerar sjøareal:

– Lokalbefolkninga ser at det går nokre gubbar ved ei merd og fôrar fisk, men utan at det blir arbeidsplassar i kommunen. Då seier lokalpolitikarane nei til nye oppdrettsanlegg, og set heller av areala til fritidsføremål eller andre ting, seier Berg-Hansen.

Statsråden meinar ei seksdobling av dagens produksjon kan føregå i samsvar med ei god forvaltning av villaksen.

Les og:

– Der må vere eit planhierarki

 

Artikkelen i Firda

Tekst: Øyvind Kråkås