Søk i arkivet

Knapt fjerdeparten av dødelegheita skuldast sjukdom

mattilsynet_logoEit prosjekt gjennomført av Mattilsynet sine regionkontor i Trøndelag og i Møre og Romsdal, syner at knapt fjerdeparten av fisken som døyr i sjøfasen, døyr som fylgje av sjukdom.

Undersøkinga omfatta 61 matfiskanlegg med smolt frå 55 ulike setjefiskanlegg, totalt 127 smoltgrupper. Av 66 millionar utsette fisk overlevde 55 millionar fram til slakting. Dette innebære eit gjennomsnittstap på 16 %. Om lag 30 % av anlegga hadde ei dødelegheit på under 10 %.

38 % av tapet skuldast årsaker ein kopla til setjefiskfasen. 37, 5 % døydde av årsaker knytte til lokalitet og handtering. 23,5 % døydde av sjukdom som smitta i sjøfasen.

– Sjukdomar i sjøfasen står for ein relativt liten andel av dødelegheita, så det vil vere vere viktig å også fokusere på andre dødsårsaker, seier prosjektleiar Kasper Tangen i Mattilsynet.

Kjelde: Norsk Fiskeoppdrett nr. 12/2012