Søk i arkivet

Knallstart for Engesund Visningssenter

Engesund VisningssenterNydeleg kaldt vintervær og stort oppmøte var ramma for opninga av Engesund Visningssenter i Fitjar sist fredag.

Anlegget vart offisielt opna av Fiskeridirektør Liv Holmefjord, som skrytte av det produktet Engesund Fiskeoppdrett har skapt. Verksemda har fått bygd ei spesialdesigna visningsflåte, og Lisa Instefjord er tilsett for å jobbe spesifikt med visningstilbodet. Ho har bakgrunn som allmenlærar, og er trygg i rolla som pedagog og instruktør. Under opningsfesten fekk dei frammøtte sjå film frå ei prøvevisning verksema har gjennomført for lokale skuleelevar.

Liv Holmefjord og Lisa Instefjord

Ei rekke verksemder, samt Norsk Sjømatsenter i Bergen har vore involverte i prosessen fram mot ferdig visningsanlegg, og ein kokk frå Smak av kysten-satsinga var tilstades og hjepte til med smaksopplevinga. Kalde og varme lakserettar gleda forsamlinga, lokalt produsert mat hand i hand med lokale spesialitetar. Både ordførareni Fitjar og den lokale kjøpmannen har vore medverkande til at visningssenteret no er i gang. For kommunen, tenesteytinga og reiselivet vert dette sett på som ein viktig bidragsytar til utvikling.

Engesund Fiskeoppdrett er ei særmerkt verksemd i dagens havbruksnæring. Fram til tildelinga av visningsløyvet, har ein berre hatt ein konsesjon. Med det regimet som no er etablert med soneinndeling i Hordaland, har dette vore ekstremt utfordrande. Ei markert satsing på nye lokalitetar og nytt utstyr har dei siste par åra flytta verksemda vekk frå dei verste utfordringane. Engesund Fiskeoppdrett vert no drive av tredje generasjon, med andre generasjon trygt plassert på eigarsida.

Liv Holmefjord på EngesundLes meir om Engesund Visningssenter her

 

Tekst: Øyvind Kråkås    Foto: Hege Hovland, EWOS

Svein Eivind Gilje