Søk i arkivet

Høyringsuttale til endring av eigarskapsreglane

Akvakulturloven31. januar er høyringsfristen for dei føreslegne endringane i akvakulturlova. Dette er andre gong på kort tid at regjeringa føreslår endringar i dette lovverket, og denne gongen handlar det om å fråfalle grensa for maksimalt eigarskap i lakseproduksjonen.

Høyringsuttale, forslag til endringar i akvakulturlova

Salmon Group AS representerar om lag 10 % av den norske lakseproduksjonen, og sikrar det lokale eigarskapet gjennom stordriftsfordelar og felles innsats rundt viktige saker. Saka om bortfall av eigarskapsavgrensinga, er ei av dei sakene som har vakt mest frustrasjon blant våre aksjonærar, då den vert sett på som eit knefall for dei mektige kapitalinteressene og ei styrking av storselskapa si makt. For mange lokale oppdrettarar vert dette rekna som eit løftebrot frå den sitjande regjeringa.

Salmon Group meiner at:

– Arealutvalet sitt framlegg om produksjonsområde må ikkje gjennomførast. Dette vil vere konkurransevridande og føre til ei snarleg utradering av det lokale eigarskapet i norsk oppdrettsnæring.

– Byråkratiet rundt næringa må forenklast. Vi er i dag komne inn i ein fase der ein brukar meir arbeidstimar på å tilfredstille rapporteringsbehovet til ulike offentlege organ, enn det ein brukar på å røkte fisken og vedlikehalde anlegga. Dette er og konkurransevridande, og det premierar administrativ kapasitet framfor kunnskap og innsats på merdkanten. I verste fall kan det bli viktigare å rapportere problem enn å løyse dei.

– Dersom styresmaktene ynskjer eit framtidig mangfald i næringa, der lokaleigde selskap står for ein signifikant del av produksjonen, må der leggast fram ein strategi for dette. Denne strategien må innehalde alt frå rammevilkåra for den daglege drifta, til regelverk og skattesystem rundt generasjonsskifte i bedriftene.

Maktstrukturen i norsk lakseoppdrett i 2013

Gjennom dei siste 20 åra har norsk laksenæring gjennomgått ei strukturendring av stort format. Dei store selskapa, også kalla ”lokomotiva”, sin finansielt ukontrollerte vekst utover 90-talet, enda i teknisk konkurs og etter kvart ein storfusjon. I dag er nesten fjerdeparten av lakseproduksjonen i Noreg, samt mykje av produksjonen i andre land, kontrollert av giganten Marine Harvest ASA. Selskapet er norsk, med dei største eigarane er utanlandske. Medan fiskeria framleis er på norske hender, er altså store delar av oppdrettsnæringa lagt over i den globale verdipapirmarknaden. Med fjerninga av eigarskapsavgrensinga, er det på sin plass å etterlyse ein strategi for korleis ein skal behalde ein vesentleg del av næringa på norske hender. Skal der framleis vere råd for aktive oppdrettarar å kontrollere eiga verksemd? Skal kysten framleis få ta del i utviklinga til denne hittil svært viktige vekstnæringa?

I praksis er der ein dominant storaktør i dagens lakseoppdrett. Denne aktøren har siste ordet både internt i næringa, gjennom bransjeorganisasjonen FHL, og i direkte kontakt med styresmaktene. For dei som ser næringa frå innsida, er det opplagt at denne verksemda har både definisjonsmakt og makt til å endre regelverket. Bortfallet av eigarskapsavgrensinga er eit av fleire døme på dette. Salmon Group vil hevde at dette maktforholdet har blitt so framtredande at det trugar heile demokratiet i næringa. Ved ein fusjon mellom den største aktøren og ein eller fleire av dei nasjonale eller regionale aktørane, kan denne maktposisjonen bli fullstendig sementert. Ved mange høve vil ein då kunne snakke om ein monopolist, ein sjølvoppnemnd marknadsregulator. Denne vil ha meir makt enn alle andre aktørar til saman i norsk laksenæring, politikarar og byråkratar som konkurrerande næringsaktørar vil måtte tilpasse seg.

Lokomotivet

Ideen om ei eller få store verksemder som ”lokomotiv” for ei heil næring, er etter Salmon Group sitt syn ikkje truverdig. Den er basert på heilt feil premissar, som at eit børsnotert selskap vil føle eit særleg ansvar for miljøpåverknad og verdiskaping i distrikta. Det er ingenting ved strukturen til eit slikt selskap som tilseier det, snarare tvert om. Med ein spreidd, globalisert eigarskap er selskapet avpersonifisert, og kan nytte sine ressursar til å maksimere utbytet til eigarane. Det vert gjort gjennom høgast mogleg inntening og store utbyte frå selskapet sine midlar. Langsiktig teknologiutvikling og miljøarbeid er ikkje faktorar som står spesielt sterkt i denne typen forretningsstrategi. Det er ikkje ein politisk påstand, men ei økonomisk sanning.

Om ein skal planlegge for framtida, kan det vere nyttig å læra av fortida. Tanken om dominante verksemder som fornyingsmotor og profesjonaliserande part, er ikkje ny. Forløparane til dagens Marine Harvest, Pan Fish og Fjord Seafood, var og etla ein slik posisjon. I dag er desse selskapa mest hugsa for finansiell akrobatikk og hausing av verdiar. Lokomotiva spora av og hamna i bankane sin bakhage, der sterke investorar etter kvart kom og plukka dei opp. Den teknologiske statusen tilseier at denne typen selskap ikkje driv med ein meir komplisert teknologi enn mindre aktørar. Større ringar og større populasjonar på kvar lokalitet, vitnar ikkje om banebrytande forsking eller særskilde idear om biologisk tilpassa drift. Aksjemarknaden er ei arena for industriverksemder, og det er berre prinsippa om masseproduksjon og suksessiv kvartalsvis vekst som finn noko publikum der.

Teknologiutvikling og miljøtilpassing må skje gjennom ein kombinasjon av stimulans overfor næringa og lovgjeving. Å tildele særskild makt og marknadsdominans til enkeltaktørar er ingen farbar veg. Mest truleg vil dette hemme utviklinga, som fylgje av manglande konkurranse og ei forskyving av makt frå styresmaktene over på private hender. Det som no kan vere i ferd med å skje, er ikkje ei konsolidering av norsk laksenæring, det er eit utsal. Eit av dei fremste norske næringseventyra gjennom tidene, er i ferd med å bli skipa ut til globale investorar. Ideane om å sikre norske lokalsamfunn vil gå tapt. Om få år sit vi att med eit fåtal regionale landanlegg og ein uføreseieleg struktur av oppdrettslokalitetar, mest truleg bemanna av omreisande personell. Kapitalressursane som oppdrettnæringa har bygd opp langs kysten vil mest truleg forvitre. For kva har desse samfunna som det er like attraktivt å investere i som lakseoppdrett?

Kva kan ein gjere no?

Salmon Group har forståing for at lovverket kring eigarskap er sterkt påverka av Noreg sine plikter gjennom internasjonale avtalar. Men om ein ikkje kan forby eit utsal av næringa, kan ein i alle fall stimulere til lokalt eigarskap. Dette kan gjerast både gjennom tildelingar og tilpassingar. Talet på aktørar eller lokalisering av eigarskap står det ikkje i politisk makt å bestemme, men ein bør ha eit mål om at styrkeforholdet mellom børsnoterte selskap og lokalt eigarskap ikkje vert ytterlegare arrondert. Helst bør ein jobbe for ei styrking av det lokale eigarskapet, då dette vil gje tydelege regionalpolitiske verknader, heilt utan tilførsle av midlar eller konkurransevridande tiltak.

Krava som er føreslegne i samband med vekst ut over dagens grensegang, er korkje tilstrekkelege eller funksjonelle. Mest truleg vil dei bli ståande som symbolske, og som noko å svelgje den bitre pillen med. Dette kan vi seie ut frå:

1 Det er ikkje denne typen krav som verkar drivande korkje for teknologiutvikling eller samfunnsansvar. Over tid vil det uansett vere marknadskreftene som styrer denne utviklinga. Slike mål må ein nå gjennom å styrke aktørar som har ei eigeninteresse for å drive med den typen arbeid, enten fordi dei sit på gode idear som dei ynskjer å utvikle, eller fordi dei har ei sterk interesse av at samfunnet rundt dei skal bli teke i ein positiv retning. Dei lokaleigde oppdrettarane er ute i nærmiljøet til sine anlegg kvar dag, der dei møter ris og ros, fordelar og ulemper med den verksemda dei eig. Dei ser ungane sine vokse opp i desse samfunna, og at dei eldre må bli tekne vare på der. Dei treng den lokale kjøpmannen, samfunnshuset og idrettshallen som ein del av sitt eige sosiale liv og tenestetilbod. Sjølvsagt vil desse føle eit mykje meir direkte ansvar enn eigarar på Kypros eller eit kinesisk investeringsfond.

2 Historia syner at denne typen krav ikkje vert fylgde opp, og at motparten ikkje vert halden ansvarleg ved eit mislighald. Å trekke attende tildelte løyver er nesten uråd, og ville vere døme på ein politikk som vi stort sett assosierar med land som har eit meir ustabilt styresett. Seinast i saka om trålkonsesjonar og landanlegg i Finnmark, såg vi at denne typen klausular lar seg omgå eller rett og slett ignorere. Klok av skade burde ein heller legge fram ein politikk som fremjar konkurransen, når ein ikkje lenger har heimel til å forby han. For konkurransevridinga vil dei komande åra gå i favør av dei store selskapa, med sin fleksibilitet til lokalisering og enklare tilgang på kapital. For å sikre seg mot eit monopol eller oligopol i norsk laksenæring (ikkje berre i produksjon, men enno sterkare i foredling og sal) må ein føre ein politikk som byggjer opp under utfordrarane.

Konkret står ein overfor eit vegval, dersom ein ynskjer eit framleis mangfald i eigarskapet. Ein kan dempe regionaliseringa, eller styrke dei mindre aktørane si evne til å henge med under eit regionalisert driftsregime. Spesifikt er forslaget om produksjonsområde det mest trugande mot lokalt eigarskap. Koordinerte utsett og brakklegging etter den malen som her er føreslege, vil krevje at ein driv over større område enn det som mange gjere i dag, for å få utnytta MTB. Med to eller tre konsesjonar er det nesten uråd å tilpasse seg ei slik regionalisering av driftsform. Anten bør ein unngå denne effekten, eller gjere desse selskapa i stand til å takle han. Uansett bør ei slik omlegging tuftast på kunnskap, og vegast nøye mot dei økonomiske og strukturelle konsekvensane det vil medføre.

Oppsummering

Bortfallet av eigarskapsavgrensinga fører til at ein enkelt aktør kan eige bortimot kor mykje som helst av den norske lakseproduksjonen i framtida. Dette vil få konsekvensar for produksjonsleddet, slakteleddet , marknadsleddet og kundane. Makta til ein dominant aktør vil vere økonomisk og marknadsmessig, men og overfor folkevalde og byråkrati. Allereie i dag er der selskap som har ei makt som er problematisk for demokratiet i næringa.

I utgangspunktet er der ingen som blir tvungne til å selje seg ut av næringa fordi om store aktørar får lov til å bli enno større. Men på sikt fryktar vi at rammene for å drive vil bli slik at det vert vanskeleg å henge med på ein forsvarleg måte. Det første vi forventar er ein fusjon mellom nokre av dei store aktørane, som raskt vil auke konsentrasjonen for eigarskapet i næringa. Dersom forslaga om produksjonsområde vert realiserte vil vi kunne sjå ei rask avvikling av det lokale eigarskapet.

Særskilde krav til aktørar som ynskjer å vokse ut over fastsette grenser, er ikkje eit truverdig verkemiddel. Der er ikkje mekanismar bak desse krava som sikrar at dei medfører samfunnsmessig gevinst, langt mindre vil dei sikre konkurranse. For å oppretthalde konkurransen på det eksisterande nivået, eller aller helst styrke han, må ein stimulere dei lokale eigarane til å halde fram i næringa. Dette må gjerast gjennom ein fastlagt strategi og politisk vilje. Der er to område denne jobben må gjerast på, ein må styrke aktørane si løfteevne, og ein må legge opp til driftsregime som ikkje ekskluderar mindre verksemder.

 

Nils Inge Hitland

Dagleg leiar

Salmon Group AS

Tlf: 913 07 371

E-post: nils.inge@salmongroup.no