Søk i arkivet

For lett å skulde på lokaliteten når ting går gale

LoggbokProblemstillinga med ”miljøtilpassa” flytting mellom regionar, botnar i at nokre skuldar på lokalitetar og geografiske tilhøve kvar gong der oppstår problem i produksjonen. Dette blir for lettvint.

Salmon Group har aksjonærar som driv med gode resultat og låg dødelegheit midt i heitaste PD-området, til dømes. Vi meinar dette ikkje berre har med kvalitetsforskjellar mellom lokalitetar å gjere, men at ei rekke driftsrelaterte faktorar spelar inn. God smolt, godt fôr, tett oppfylging og passelege mengder fisk i merdane er viktig for at biologien skal spele på lag. Dette vil ein og sjå ved handtering av fisken, då risikoen for dødelegheit er på det høgaste. Robust fisk og ikkje for stor tettleik er nøkkelen til mindre svinn.

Nokre lokalitetar er dårlegare enn andre, men ein må ikkje utan vidare gå god for at det er naturen som har svikta oppdrettaren og ikkje omvendt. Dersom ein har drive for intensivt og mislukkast ein plass, skal ein då få sjansen til å setje i gong att på ein ny stad på same måten? Det vil vere lite målretta og svært urettferdig overfor dei som driv klokt og godt. Ein kan på denne måten og risikere å spreie fiskehelseproblem utan at ein flyttar levande fisk. Flytting av feil driftsfilosofi kan faktisk vere enno meir skadeleg enn utveksling av levande materiale.

Tekst: Øyvind Kråkås