Søk i arkivet

Etterlyser industriell politikk

Arbeiderpartiet logo– Kvar er det blitt av industripartiet Det norske arbeiderparti? Det spørsmålet stilte Jostein Refsnes frå Nordlaks under eit føredrag på Sjømatdagane på Hell i førre veke.

Refsnes meinte at partiet under Stoltenberg si regjeringstid har inngått for mange kompromiss i næringspolitikken for sjømatsektoren, og at statsministeren sjølv har vore for lite synleg i næringa. – Vi ser han ofte på ei oljeplattform, men kor ofte har vi sett han på eit oppdrettsanlegg eller eit fiskeindustrianlegg? spurte han retorisk.

Jostein Refsnes synte til eit langt sterkare engasjement frå regjeringa til Gro Harlem Brundtland då Noreg kjempa mot straffetiltak frå EU på midten av 90-talet.

Tekst: Øyvind Kråkås