Søk i arkivet

Engesund Fiskeoppdrett opnar nytt visningssenter fredag

Engesund AkvasenterFredag 18. januar opnar Engesund Fiskeoppdrett AS visningssenter heime i Fitjar. Les selskapet si eiga skildring av nysatsinga.

 

Engesund Fiskeoppdrett var og er eit familieeigd og drive selskap, framleis sterkt knytta til Engesund. På Engesund har det i all tid vore fiske og landbruk som har livnæra bebuarane. Havbruk er såleis ein sterk livsnærve i Engesund samfunnet, også i dag.

Visningssenteret til Engesund Fiskeoppdrett voner me skal vera ein stad der alle som vil skal kunne kome å sjå kva eit oppdrett er, og korleis det blir drive. Me ynskjer også at folk skal få følgje fisken frå rogn til eksport, at dei får sjå at det er ikkje berre anlegga til sjøs som er vesentlege i næringa. Dette skal me få til ved hjelp av ei orientering med bruk av bileter, filmar og tale. Orienteringa er munnleg gitt av pedagogisk personell, og gir difor tilhøyrarane høve til å spørje og samtale. Me har også ei utstilling i kjellaren på flåten, der ulike aktørar i næringa orienterer om kva dei driv med til dagen. Her kan besøkande gå å kikke i utstillinga på eiga hand, og bruke tid på det som interesserer kvar enkelt mest. Til dømes kan dei bli kjend med kvar rogna kjem frå, eller korleis ei not blir til.

Ei normal visning inneheld fire element. Orientering og utstilling er allereie nemnd. I tillegg blir det ein runde på merdkanten, der besøkande får sjå og mate fisken, og kan stille spørsmål. På Engesund Fiskeoppdrett har me stålanlegg, med gode, breie gangvegar, slik at det er lett å ta seg fram, og lite problem med vêrforhold. Den siste delen av visninga er ein smaksprøve av laks. Sidan det er mat me produserer synes me det er viktig at alle får smake på laksen vår, og kjenne sjølve at det er kvalitet me satsar på. I tillegg er det mogleg å bestille lunsj eller middag, både for enkeltpersonar og grupper.

Skular og barnehagar er viktige besøkande. Me ynskjer å invitere skular og barnehagar, og lage heilskaplege undervisningsopplegg tilpassa kunnskapsløftet. Rekrutteringa til næringen treng eit løft, og det ynskjer me å bidra til. I den samanheng er særskild ungdomstrinnet viktig å få med, og kanskje me får til prosjekt med faget utdanningsval i botn.

Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter er lokalisert i Fitjar Kommune. Me har to lokalitetar som ligg nord for Engesund, henholdsvis på Dyrholmen Øst og Dyrholmen Vest. For å kome hit må ein reise med båt. Visningssenteret har ein eigen Ocea hard-rib for å frakte gjestane til anlegget frå Fitjar sentrum. Gjester blir henta på Larsen kai i Fitjar Sentrum. Alle gjester vil bli utstyrt med flytevestar, dessutan varmedressar når det er trong til det.

Fitjar ligg berre 10 min frå E39 ved Sandvikvåg. Det er altså lett tilkomst både frå sør og nord langs vegen. Det er også kort avstand over til Austevoll og Bømlo via sjøvegen. Ved spesielle høve kan me hente andre stadar enn Fitjar, eller ein kan kome med eigen båt. For transport må me ta nokre førehald om vêr.

Tekst: Engesund Fiskeoppdrett AS, Visningsansvarleg Lisa Instefjord