Søk i arkivet

Elin Tveit Sveen fekk AqKva prisen

Elin og GroUnder AqKva konferansen på Stord torsdag, fekk Elin Tveit Sveen frå Marø Havbruk AqKva prisen for den formidable innsatsen ho har gjort for norsk havbruksnæring.

Elin og familien driv til dagleg med matfiskproduksjon ved Svanøya i Flora kommune. I tillegg driv dei Svanøy Røykeri, som no har gjennomgått ei stor utviding av produksjonslokala. Få familiar er er so til dei grader dedikerte til laksenæringa som Tveit Sveen familien.

Elin har i tillegg til eiga verksemd vore svært engasjert i FHL i ei årrekke, og ho sit i styret til Salmon Group. På møtet i Vestnorsk havbrukslag på fredag, vart ho attvald til arbeidsgruppa for havbruk.

Dette er andre året på rad at ein person i Salmon Group motteke AqKva prisen. I fjor mottok Magnar Ottesen frå Skjærgårdsfisk utmerkinga.

Tekst: Øyvind Kråkås