Søk i arkivet

– Den næringen med minst forutsigbare rammevilkår

Frank AscheI ein artikkel i Norsk Fiskeoppdrett nr. 12 2012, hevdar Frank Asche, professor ved Universitetet i Stavanger, at inga norsk næring i dag har meir uføreseielege rammevilkår enn oppdrettsnæringa.

Han meinar at alle politiske konstellasjonar i posisjon har fylgt den same linja med å stadig endre rammene for næringa, og at det typiske er at store endringar inntreffe eit års tid før neste stortingsval. Dette høver godt med lanseringa av dei sokalla “grøne konsesjonane”.

Asche kallar tildelinga av 45 nye grøne konsesjonar for ein parodi på aktiv næringspolitikk, med alle sine særvilkår og gode hensikter. Han meinar og det er langt fram om ein skal håpe på meir stabile rammer å satse ut frå.

Tekst: Øyvind Kråkås