Søk i arkivet

Dei nye maksgrensene øydelegg effekten av leppefisk

Svein Arve ForlandDen nye vedtekne maksgrensa på 0,5 vaksne lus i snitt, tek vekk effekten av leppefisk som verkemiddel. Det auka presset på kjemisk behandling er ikkje berre øydeleggande for dei biologiske alternativa, men står og i fare for å tvinge fram ein uhandterlig resistenssituasjon. Salmon Group meinar at Mattilsynet må slå kontra.

– Leppefisken må få lov til å gjere jobben, han kan redusere lusetrykket mykje frå veke til veke, seier Svein Arve Forland ved Telavåg Fiskeoppdrett. Oppdrettaren sørvest på Sotra har investert mykje i leppefisk og skjul som den kan kvile i. Med dei nye grensene kan effekten av desse tiltaka bli borte. Leppefisken får rett og slett ikkje tid til å ete vekk lusa før ein blir pålagd kjemiske tiltak.

Mange av oppdrettarane i Salmon Group har satsa mykje på leppefisk, og fleire vi har snakka med er uroa over konsekvensane av dei nye maksgrensene. Utvalet av kjemiske verkemiddel er ikkje større enn at ein fort står overfor ein situasjon med multiresistens. Då er gode råd dyre.

Mattilsynet bør etter SG si meining revurdere heile regelverket med so låge maksgrenser året gjennom. Dei samla miljøeffektane av dette regimet kan bli svært negative. Uansett bør leppefisk bli akseptert som eit tiltak mot lus, og ein må få tid til å sjå om fisken klarar jobben før ein set i gang med andre tiltak.

Salmon Group har nyleg kommentert den utidige situasjonen på Færøyane, der ein no har ein utstrakt bruk av hydrogenperoksid for å kjempe mot store lusepåslag. Dette stoffet er skånsamt mot miljøet rundt og ikkje resistensfremjande, men det gjere fisken svært mottakeleg for nye lusepåslag og sjukdomar. Både i Chile og på Færøyane fekk ein for nokre år sidan fatale sjukdomsåtak etter langvarige luseproblem og resistensutvikling. Lusa er naturleg i sjøen, og ho kan neppe utryddast. Kampen må handle om ei tilnæming, der fiskevelferd og verkemiddel vert ivaretekne over tid.

Tekst: Øyvind Kråkås