Søk i arkivet

Blom Fiskeoppdrett AS forsterkar styret

Magne SupphellenBlom familien i Øygarden har utvida styret og fått med seg Magne Supphellen som nytt styremedlem.

Supphellen jobbar til dagleg som professor ved institutt for strategi og ledelse ved Norges Handelshøgskule i Bergen. Han har tung kompetanse og erfaring spesielt innanfor omdømmebygging, men også forbrukaratferd, markedsføring, strategiarbeid og ledelse.

«Det å få ein kapasitet som Magne Supphellen inn i styret ser vi på som ei solid styrking av selskapet. Dette er svært viktig for å gjera dei gode og riktige beslutningane i vidareutviklinga av selskapet framover», seier dagleg leiar Øyvind Blom.

Tekst og foto: Blom Fiskeoppdrett AS