Søk i arkivet

68 % av fisken som rømde skuldast utstyret

Bilde009Feil ved utstyr eller monteringa av installasjonar, var drivande for rømmingstala mellom 2006 og 2009. Det syner eit arbeid som er gjort av Forskningsrådet og kunnskapsplattforma SECURE. Dette lovar godt for resultata av den nye Nytek forskrifta.

Forskarane har gått gjennom alle rapporterte rømmingar i denne perioden, og har funne at 68 % av den rømde fisken har kome seg ut ved utstyrsrelaterte årsaker. Dette innbefattar og hendingar som skjer som fylgje av uvær. 8 % skuldast menneskelege feil. 11 % av den rømde fisken stakk av frå landanlegg. Berre 4 % av den rømde fisken lar seg ikkje forklare.

– Rømminger på grunn av feil med fortøyninger og flytekrager oppstår sjeldnere og sjeldnere, seier seniorforskar Østen Jensen i SINTEF til nettstaden Intrafish. Han er leiar for kunnskapsplattforma SECURE.

Næringa er no i innspurten med arbeidet for å få sertifisert alle anlegg i sjø. Dette vil venteleg ha ein svært positiv effekt mot rømming, då ein unngår feildimensjonering, bruk av ueigna utstyr eller uheldige samansetjingar og feilmonteringar.

Tekst: Øyvind Kråkås