Søk i arkivet

1,1 millionar takk

Pengane flygSalmon Group ynskjer å takke røktarar, fôrprodusentar, mannskap på båtar, veterinærar, eksportørar,slakteritilsette, trailersjåførar, administrasjonsfolk, investorar og alle andre som bidrog til at Noreg i 2012 eksporterte 1,1 million tonn laks og aure. Dette er ny rekord.

Denne årseksporten er ein oppgang på 174 000 tonn, 18 %, i høve til året før. Verdien på eksporten var på 29,6 milliardar kroner.

Russland er den marknaden som auka mest, med ei styrking på 29 000 tonn. Polen kom på sterk andre plass med ei auke på 28 000 tonn, medan den tradisjonelt sterke franske marknaden hamna på tredjeplass i veksttabellen.

Gjennomsnittleg eksportpris for fersk, heil laks for heile 2012 vart 27,65 kroner pr. kilo. For desember vart snittprisen 30,30 kr. Året enda dermed med den sterkaste enkeltmånaden, noko som vonaleg vil vere ein peikepinn for eit sterkare 2013 prismessig.

Tekst: Øyvind Kråkås

Tal frå seafood.no, Norges Sjømatråd