Søk i arkivet

Vil teknologifokus stoppe IMTA?

Salmon Group har jobba i to og eit halvt år med prosjektet Integrert Akvakultur, der vi har målsetnad om å gjere taredyrking i tilknyting til lakseanlegg til ei kommersiell næring. Prosjektet går etter planen foreløpig, men vi fryktar at ei einsidig satsing på ny produksjonsteknologi vil fortrenge dette konseptet.

Kriteria for dei “grøne konsesjonane” er enno ikkje klarlagde, men slik det står fram foreløpig, ser det ut til å dreie seg hovudsakleg om teknologiutvikling på anleggssida. Dette vil i so fall framstå som ei disfavorisering av biologiske løysingar, som nye typar verkestoff i fôr eller integrert multitrofisk akvakultur.

Potensialet til taredyrking er stort, men for å drive fram denne nye næringa krevst der ei satsing på rammevilkår. I Hav21-strategien og i SINTEF sin rapport om utviklingspotensiale i havbruksproduksjonen, vert der sagt mykje optimistisk om algar si rolle framover. No treng ein å sjå at politikarane set handling bak orda.

Tekst: Øyvind Kråkås