Søk i arkivet

– Vi kan lage Moods of Norway laks

Under Gasellekonferansen i Florø fredag 9. november, mottok Stryn-verksemda Moods Retail AS prisen som årets gaselle i Sogn og Fjordane. Vi vil enno utvikle mange nye produkt under Moods of Norway paraplyen, sa dagleg leiar Jan Egil Flo då han mottok prisen på vegne av selskapet.

Moods Retail AS er selskapet som driv butikkane til Moods of Norway. Konseptet har bygd på seg frå kolleksjonar av klede til og å omfatte andre produkt, som parfyme, briller og sko.

– Under paraplyen med stemningar frå Noreg kan vi lage veldig mange ulike produkt. Vi kan til dømes lage Moods of Norway laks, dersom vi får til de rette konseptet, sa Flo under sigersintervjuet med prisutdelar Amund Djuve, redaktør i Dagens Næringsliv.

Tekst: Øyvind Kråkås