Søk i arkivet

Tre slakteri i Sogn og Fjordane

Under eit møte mellom oppdrettarar og lokalpolitikarar i Sogn og Fjordane, kom det fram at ein sentral fylkeskommunal byråkrat skal ha sagt at det no berre er eitt lakseslakteri att i fylket.

Det rette er at der framleis er tre slakteri; Slakteriet AS har avdeling både i Florø og Brekke, medan Ola Braanaas sitt slakteri på Byrknes, Martin E. Birknes, er under utbygging.

Alle desse slakteria er utelukkande drivne med fisk frå dei lokaleigde oppdrettsverksemdene. Marine Harvest sin produksjon i Sogn og Fjordane vert ført til Sunnmøre for slakting.

Tekst: Øyvind Kråkås