Søk i arkivet

Snakka til Fylkestinget

Salmon Group var i går på plass på Hermansverk for å snakke til Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Vi ber politikarane satse på vekst for næringa i fylket.

Erik Osland og underteikna hadde teke turen for å legge fram næringa sine ambisjonar for fylkespolitikarane, og vart svært nøgde med responsen vi fekk. Polikarane var interesserte i det vi hadde å presentere, og kom med ei rekke gode oppfylgjingspørsmål.

Sogn og Fjordane har hatt ein mindre vekst i lakseproduksjonen enn nabofylka i mange år, og har både areal og infrastruktur til å ta ut meir verdiar frå havbruk. Frå fylket si side vil regional arealplanlegging vere eit viktig bidrag. Sogn og Fjordane er og eit fylke med store verna areal, og vi ynskjer at ein evaluerar desse og ser etter løysingar for samhandling mellom næring og vern.

Tekst: Øyvind Kråkås