Søk i arkivet

Salmon Group samarbeidar med Redningsselskapet

Då oppdrett av laks og aure først vart lansert som ny næring på kysten, var tryggare arbeidsplassar ein av fordelane som vart haldne fram. Salmon Group vidarefører dette ansvaret gjennom eit samarbeid med kysten sitt eige bergingskorps; Redningsselskapet.

Anten du er i havsnaud eller må ha hjelp til å berge eit slep, er Redningsselskapet raskt på pletten med moderne utstyr, modig mannskap og motorkraft som forslår. Ved sidan av beredskap og bistand på havet, jobbar Redningsselskapet og med opplæring og holdningsarbeid for unge og vaksne som ferdast på sjøen.

Salmon Group ynskjer å fremje tryggleik på sjøen; kvar dag har hundrevis av arbeidstakarar i våre eigarverksemder sitt yrke i båt og på anlegg i alle slags vær og med krevjande oppgåver. Dessutan er dei fleste som er sysselsette i havbruket busette ved sjøen, og dei og deira næraste nyttar havet som framkostveg og rekreasjonsområde.

Ved å nytte flytevest gjere du din ferdsel på sjøen langt tryggare. Du set deg i stand til å overkome uføresette hendingar, der du er avhengig av di eiga flyteevne til å berge deg sjølv og andre. Samstundes må du ha eit flyteplagg som er praktisk i bruk, og tillet deg å utføre dine arbeidsoppgåver utan ulempe.

Gjennom vårt samarbeid med Redningsselskapet tilbyr Salmon Group ISO-sertifisert redningsvest med CO2 patron og skrittstropp, produsert av Hansen Protection. Vesten er ein del av Redningsselskapet si produktportefølje, og overskotet av handelen vil gå til tryggleiksarbeid i områda der Salmon Group er representerte. Dermed vil flytevesten bidra til ein mangfaldig effekt for tryggleik på sjøen, både for deg og i dine nærområde.

Kontakt Salmon Group for pris og bestilling.

Øyvind Kråkås

Tlf: 90 28 80 64

E-post: oyvind@salmongroup.no