Søk i arkivet

Salmon Group i Mærkanten

Skretting sitt kundemagasin Mærkantan har i siste nummer ei dobbeltside om Salmon Group og Sulefisk AS. Om du ikkje har magasinet, kan du lese teksten her.

– Samarbeid er nødvendig for å bli i næringa

Sulefisk AS var mellom bedriftene som gjekk saman og starta Salmon Group, og dagleg leiar ved Sulefisk, Jostein Kråkås, har vore styreformann i nettverket heilt sidan då. Han er klar på at eit slikt samarbeid mellom dei lokaleigde selskapa er ein bærebjelke for mangfaldet i næringa.

– Samarbeid om fôr og fôravtalar sikrar oss tyngde i forhandlingane, og oppfylging av kvaliteten. Med dei voluma næringa i dag produserar, må vi ha kompetente folk som jobbar for oss på heiltid med desse spørsmåla.

Ved å nytte seg av Salmon Group sitt arbeid med fôr, forsikringar, kontrollsystem og andre område der ein kan oppnå stordriftsfordelar, meinar oppdrettaren i Solund at han får konsentrert seg optimalt om det som er kjerneoppgåvene; fisken i merdane si helse og trivsel, og tryggleiken på anlegga.

– Næringa gjennomgår stadige endringar, og vi må vere tilstades og gjere greie for oss både for styresmaktene og folk flest. Der fyller Salmon Group ei viktig rolle for oss. I tillegg treng vi å møte andre bransjefolk av og til, for utveksling av kunnskap og for å kjenne på det gode miljøet i bransjen. Nettverket blir ein møteplass vi set pris på.

Sulefisk AS driv matfiskproduksjon med fire konsesjonar i Solund kommune, ved utløpet av Sognefjorden. Dei er medeigarar i eksportselskapet Norwell AS i Florø, og sel mesteparten av fisken gjennom dette. All smolten kjøper dei frå Sol Smolt AS, også dei lokaliserte i Solund. Sulefisk er i dag det siste matfiskselskapet i kommunen som er på lokale hender.

Samla for lokalt eigarskap

Mange hevdar at lakseoppdrett i dag er ei næring totalt dominert av børsnoterte konsern, men faktum er at lokalt eigarskap framleis representerar ein betydeleg del av næringa. For å sikre denne posisjonen har 43 oppdrettarar samla seg i nettverket Salmon Group AS.

Med oppdrettsaktivitet frå Sør-Troms til Kragerø frontar i dag Salmon Group om lag ti prosent av den totale matfiskproduksjonen for laks og aure og ein kapasitet på 45 millionar smolt. Med dette er ein den tredje største oppdrettsaktøren i landet. Nettverket hadde sitt utspring i trongen for felles fôrforhandlingar og andre felles avtalar, men fyller i dag ei langt breiare rolle i oppdrettsnæringa sin kvardag.

Behovet for å stå samla har blitt større og større, med eit stadig meir krevjande og skiftande regime av forskrifter, rapporteringar og reguleringar. I 2009 tilsette Salmon Group ein eigen IK ansvarleg som tok ansvaret for eit felles kontrollsystem og implementeringa i bedriftene. I 2010 vart det tilsett ein eigen informasjonsmedarbeidar som jobbar med kommunikasjon og oppføljing av dei prosessane som påverkar rammevilkåra for næringa. Arealutvalet sine forslag om produksjonsområde med utsettsonar er mellom dei tiltaka som har skapt usikkerheit for lokale aktørar.

Oppdrettarane i Salmon Group er kjerneveden i den norske næringa, mange av dei var blant dei første som starta med lakse- og aureproduksjon, og dei har gjennomlevd ei lang rekke endringar, utfordringar og kriser. Med seg har dei tanken om at oppdrett skal vere ein positiv bærebjelke i lokalsamfunna; dei skaffar arbeid, aktivitet og inntekter i sine nærmiljø.

Oppdrettarane ynskjer å syne fram næringa og produkta sine. Saman med Salmon Group vert det arrangert både sporadiske og årlege tilstellingar der folk får kome tettare på landets mest effektive matproduksjon. Kvart år i juni er det Laksens Dag i Florø, i samarbeid med det tradisjonsrike Sildebordet. Her møtast næring og lokalbefolkning til gatefest, sjølvsagt med laks på menyen. Kjende kokkar som Ole Jonny Eikefjord og Frode Aga har vore med og gjort arrangementet til eit uformelt samlingspunkt i Sogn og Fjordane sin laksehovudstad.

VM i sjakkelkasting på Sulefisk er eit enno meir tradisjonstungt innslag på kalenderen til havbrukarane. Med ein maritim variant av hesteskokasting, samlar oppdrettarane på øykommunen i Ytre-Sogn både lokalbefolkning og næringsaktørar frå det ganske land til uformell konkurranse, sjømatservering og underhaldning. Årets arrangement gjekk av stabelen 24. august, og utmerka seg med dåp av nye arbeidsbåtar, innviing av nytt kontorlokale og opptreden av den prisløna artisten Sigrid Moldestad med band. Skretting var tilstades som sponsor, og ikkje minst med grillmeister Sveinung Håvardstun. Han er ansvarleg for oppføljinga av Sulefisk og dei andre kundane Skretting har frå Salmon Group på vestlandet.

Kjelde: Mærkanten, Skretting