Søk i arkivet

Salmon Blog: Når uhellet er ute

I framlegget til endringar i akvakulturlova som no er ute på høyring, er eit av dei mest oppsiktsvekkande punkta at regjeringa ynskjer ei avgift som skal dekke kostnadane storsamfunnet har med rømt laks. I så måte vil det vere interessant å vite på kva måte desse midlane skal brukast.

La det først vere sagt; oppdrettarane bære alt i dag store tap når fisk rømmer. Det er varelageret som blir borte når uhellet skjer, og det tek lang tid før ein er i gjenge att med ny fisk i merdane. Rømming skjer gjerne i samband med skade på utstyr, og dette må reparerast. I tillegg kjem kostnader med den omfattande prosessen ei rømming medfører, og som i verste fall endar med ei straff.

Om du no er ein av dei som lurer på kva kostnader storsamfunnet har av at varelageret til ei privat bedrift vert borte, så handlar det altså om negativ påverknad på ville bestandar. Eit av premissa er dette: Kvar elv har sin genetisk unike laksestamme, tilpassa dei spesielle vilkåra i elva gjennom tusenvis av år. Desse urstammane har overlevd forgiftingar av elvane, vassdragsreguleringar, feilvandring av laks frå andre elvar, overfiske og eit kultiveringsarbeid som gjennom mange år tok null omsyn til ideen om unike stammar. Den einaste påverknaden som tydelegvis kan rokke ved denne hårfine, men tydeligvis like full ganske hardføre balansen, er oppvandring av laks som er avla fram for oppdrett, på heilt andre kriteria enn å formeire seg.

Spørsmålet er så; korleis tek ein hand om den rømte fisken, som trugar med å utkonkurrere alt som er reint og ekte? Etter at ei rømming er innmeldt og oppdrettaren har sett i gang gjenfangst med garn, vert det opna for fritt fiske i nærområda. Etter den tid føregår den organiserte gjenfangsten i elvane, med stang, garn eller fiskefelle. Oppdrettsnæringa finansierer allereie ein betydeleg del av denne aktiviteten gjennom enkelttiltak eller eit friviljug miljøfond.

Dersom staten skal krevje ein fast premie frå næringa for å ta hand om rømt laks, vil dette venteleg erstatte alle dei friviljuge tiltaka. Korleis dette arbeidet skal organiserast på ein effektiv måte burde vore presentert saman med lovforslaget. Arbeidet bør ha berre eitt mål; å maksimere gjenfangsten av rømt laks før han når elva, og aller helst før mesteparten av fisken døyr i havet.

Det vi kan frykte av den nye avgifta, er at pengane går med til å finansiere offentleg overvaking og administrasjon. So sit ein der like fordømt, når uhellet er ute, med skjegget fast i ei postkasse full av ekstrarekningar, fordi heller ikkje dette tiltaket var nok til å løfte havbruksnæringa levande av kroken.

Tekst: Øyvind Kråkås