Søk i arkivet

Salmon Blog: Næringsutvikling med ryggen mot verda

I pressemeldinga frå FKD om ”grøne konsesjonar” ser ein tydeleg at her har ein teke inn mange omsyn på ein gong. Utvalde distrikt skal satsast på, i tillegg skal ein vere inne med miljøverndepartementet og ein skal drive med teknologiutvikling. Det er freistande å kalle det litt typisk at omsynet til fiskekjøparane ikkje er tenkt på i det heile teke.

Konkurranseevna til norske produsentar er noko som regjeringa heftar seg lite med, kanskje fordi den på mange område er tapt for lenge sidan. Store delar av norsk produksjon har blitt flytta ut til lavkostland, vi sit att med det spesialiserte og litt av det som er basert på naturressursar.  Moods of Norway designar klede i Noreg, syr dei i Aust-Europa og hentar dei heim att for distribusjon. Men på Gassellekonferansen i Florø sa ein av gründerane i selskapet det rett ut; det er vanskeleg å drive eksport frå Noreg, vi er eit land som er best på å importere. Verksemda med hovudkontor i Stryn måtte starte eit selskap i Sverige for å kome seg inn i EU-marknaden.

Så er vi så heldige å vere eit land der ein har god tilgang på naturressursar; petroleum, vasskraft og fisk. Samstundes nyte vi godt av å ha kompetansen på å utnytte desse resursane. I motsetnad til ein del andre ressursrike nasjonar, har vi god kontroll på vår eigen produksjon. Til dels sel vi og kunnskap til andre land. Dessutan har der vore gjort mykje solid arbeid på sals og marknadssida i ein del bransjar, utan at dette har vorte særleg påakta.

For norske styresmakter er villege til å oversjå marknaden, dersom det kan sikre eit politisk kompromiss her heime. Auka tollsatsar er eit døme, manglande vekst i lakseproduksjonen er eit anna. Vi kan presse våre kundar til høgare prisar, dersom ein stansar veksten, vert det gjerne hevda. Dette er i so fall det beste av dei aktuelle scenarioa. I verste fall mistar du kundar, og slit med å finne nye. Tenk deg at dei store kaffiprodusentane fann ut at dei skulle tyne marknaden i staden for å ta omsyn til etterspurnaden. Prisane steig, og det kunne jamvel bli vanskeleg å få tak i kaffi når du ønska det. Etter ei stund ville truleg mange ha sett seg om etter andre produkt; substituttar med tryggare tilgang og meir høvelege prisar.

Det burde vere ganske opplagt at ei slik tæring på marknaden ikkje lar seg foreine med målet om at Noreg skal vere verdas fremste sjømatnasjon. Ingen kan vere fremst i verda for nokon som helst produksjon gjennom å ignorere kundane og slutte å utvikle seg saman med desse. At Noreg heller skal satse på meir foredling enn å levere meir fersk fisk, er eit bomskot i denne samanhengen. Mange land tek i dag i mot fisk med opne armar nettopp fordi dei har ein eigen foredlingsindustri som treng råvarer. Dei ynskjer ikkje å byte maktforholdet gjennom å tillate auka import av ferdigprodukt. Verda treng norsk fisk. Men norsk fisk treng verdsmarknaden og. Vakn opp, og kjenn lukta av kaffi.

Tekst: Øyvind Kråkås