Søk i arkivet

Salmon Blog: Er dette eigentleg vekst?

Fiskeri- og kystdepartementet kunngjorde fredag at der skal delast ut 45 ”grøne konsesjonar” til lakseoppdrett. Det er uklart kva kriteria for tideling vil bli, og det er uklart om dette eigentleg vil bety nokon vekst dei næraste åra.

Etter at statsråd Lisbeth Berg-Hansen utsette den varsla veksten for norsk lakseproduksjon, har ein venta tålmodig på varsel om ny vekst, medan marknaden for laks etterspør stadig meir fisk. Nyhendet om dei ”grøne konsesjonane” høyrest ikkje ut som eit svar på dette.

Ei ordning med permanente konsesjonar for dei som satsar på utvikling av ny teknologi, er eit positivt tiltak for å drive denne utviklinga framover. Dette var ein av dei tinga som blei peika på som ein kritisk suksessfaktor då Salmon Group heldt møte om teknologiutvikling på Svanøy i sommar. Men for å dekke ein stigande etterspurnad, må der andre verkemidlar til.

Før denne teknologien kan setjast i drifta, skal der no prosjekterast, finansierast, søkjast og sakshandsamast. Så skal der byggjast og fisken skal setjast i sjø. Deretter vil forhåpentleg fisken vekse seg slakteklar i løpet av eit år til halvtanna. Om tre til fire år vil det vere realistisk at denne fisken kan vere ute i marknaden. Med ei generell utviding av MTB, kunne ein sett resultata av ei tildeling nesten umiddelbart.

Sjølv om dei nye konsesjonane vert knytte opp mot teknologiutvikling, med tilhøyrande auka risiko, skal der betalast eit betydeleg gebyr for dei. Dette gebyret vert nok ein gong ekspedert til fylkeskommunane, framfor å la det gå til kommunane. Dette vert det reagert svært negativt på i næringa. Om kommunane treng meir pengar for å frigjere kystareal, burde dette vere tidspunktet for å kome dei i møte.

Arealutvalet sin rapport, Hardangerfjordforskrifta og forslaga til endringar i akvakulturlova er element som har skapt stor utryggleik hos dei lokaleigde oppdrettarane, og varsel om eit sterkt aukande kostnadsnivå for norsk lakseproduksjon. Tildelinga av ”grøne konsesjonar” er nok eit varsel om ei svekka konkurransekraft internasjonalt. Kostbare tiltak som anleggssertifisering, har enno ikkje fått tre ut i verknad før ein langt på veg avskriv den konvensjonelle teknologien.

Og nettopp denne manglande tilliten til allereie i verksette tiltak, har prega havbrukspolitikken og forvaltninga dei seinare åra. Ein har lessa på med tiltak oppå tiltak, utan sut for kostnadsnivå og konkurranseevne. I mellomtida har konkurrentane jobba seg opp att frå støvet. Dei veit at marknaden der ute ventar ikkje på den grøne norske laksen. Marknaden ventar på maten.

Tekst: Øyvind Kråkås