Søk i arkivet

Marint Vekstforum skal styrke samarbeidet

Saman med Hellenes AS i Førde og Hellenes Marine AS i Stongfjorden, tek Salmon Group no initiativet til Marint Vekstforum i Sogn og Fjordane.

Målet er at dette skal styrke samarbeidet mellom havbruk og leverandørindustri, og hjelpe fram ny teknologi og nye arbeidsplassar.

Ei rekke verksemder har allereie uttalt seg positive til etableringa av eit slikt forum, og der vil bli halde møte i Florø 5. desember for å legge ein meir detaljert strategi.Verksemder, organisasjonar og politikarar vil bli inviterte til å delta på møtet, men det er sjølvsagt råd å melde si interesse allereie no, dersom ein brenn for saka.

Ta kontakt med:

Prosjektleiar Roy Sævik, Hellenes Marine AS

tlf 982 44 884

e-post roy.saevik@gmail.com

eller

Øyvind Kråkås, Salmon Group AS

tlf: 902 88 064

e-post: oyvind@salmongroup.no