Søk i arkivet

Lingalaks AS overtek aksjemajoriteten i Ljones Fisk AS

Lingalaks AS har ved ein retta emisjon overteke aksjemajoriteten i setjefiskprodusenten Ljones fisk AS. Dette er ledd i selskapet sin langsiktige strategi for å utvikla seg i Hardanger regionen.

– Hardanger har landets beste natur for turisme og lakseoppdrett. Med satsingsvilje og optimisme ynskjer vi å byggje vidare på arbeidet og investeringane vi har gjennomført her, til gode for lokalsamfunna og folk som vil bu i Hardanger, seier medeigar og dagleg leiar i Lingalaks AS, Erlend Haugarvoll.

Satsinga sikrar drifta ved Ljones Fisk AS, og kan legge grunnlaget for ei framtidig utviding av produksjonen.

Tekst: Erlend Haugarvoll, Lingalaks AS