Søk i arkivet

Lakseeksporten auka med 21 % i oktober

Det vart eksportert laks for 2,7 milliardar kroner frå Noreg i oktober, det er ei auke på 460 millionar kroner i høve til same månad i fjor.

Så langt i år har det vorte eksportert norsk laks for 23,9 milliardar kroner, som er jamt med nivået til same tid i fjor. Snittprisen for heil, fersk laks var i oktober på 25,74 kroner mot 23,43 kroner i oktober 2011.

Eksporten av aure var i oktober på 161 millionar kroner, ei auke på 50 millioner kroner, eller 45 %, i høve til oktober i fjor. So langt i år er det eksportert aure for1,4 milliardar kroner, som er ei auke på 265 millionar kroner i høve til same periode i fjor. Dei viktigaste marknadane for norsk aure er Russland og Japan.

Les meir om sjømateksporten på Sjømatrådet sine sider