Søk i arkivet

Klare for julemøte i nord

Fredag er Salmon Group rigga for julemøte og julebord i Svolvær. Med oss til Lofoten, tek vi trua på at næringa har potensiale for ei god utvikling i landsdelen.

 

Mange lokale aktørar har helde på konsesjonane sine i Nordland og Troms, og dei har vore flinke på å utvikle bedriftene sine. Samstundes er der framleis areal til å byggje opp produksjonen. Dette tilseier at næringa i regionen bør kunne gjere seg svært gode håp for åra som kjem, så sant styresmaktene held døra open for vekst.

Dei tilsette i Salmon Group ser fram til ei triveleg stund i nord, der ein kan diskutere erfaringar og strategiar. Den nordnorske gjestfridomen og folkelynnet borgar for ei triveleg stund. Fagmøte og julebord føregår på Thon Hotel Lofoten. Vi startar med lunsj frå 11.30, fagmøtet tek til 13.00. Julebord med underholdning føregår frå 19.00 og utover.

Tekst: Øyvind Kråkås