Søk i arkivet

Høyringssvar til endringar i akvakulturlova

Måndag er det høyringsfrist for endringane som er føreslegne til akvakulturlova. Salmon Group stør opp under uttalar frå FHL og NSL, men har og valt å kommentere ein del av forslaga i eit eige svar til FKD. Du kan lese svaret i sin heilskap her.

Høyringssvar- forslag til endringar i akvakulturlova

Salmon Group AS er eitt nettverk for lokaleigde oppdrettsselskap, og representerar 43 bedrifter frå heile landet. Samla disponerar desse 94 konsesjonar for matfisk, og har ein produksjon på om lag 45 millionar smolt.

Salmon Group AS er opptekne av å ivareta dei lokaleigde oppdrettsverksemdene si konkurransekraft, og at endringar i regelverk ikkje skal slå ujamt ut i høve til næringa sin struktur og mangfaldet som denne framleis bære preg av. Som næringsaktør vil vi og framheve det viktige i at verksemder som driv godt, og skaper store verdiar for landet og ringverknader i lokalsamfunna, skal stimulerast til å vekse og ha ei god og rasjonell drift. Lovverket er den aller mest handfaste premissen for dette.

Vi, heretter forkorta SG, vil i det fylgjande dokumentet kome med kommentarar til enkelte av forslaga til endringar i akvakulturlova.

§ 10; Endringar i miljønorm

2. ledd; krav til førebyggande arbeid

SG meiner at førebyggande arbeid mot miljøskade står sentralt i drifta av ei god verksemd. SG har utvikla vårt eige internkontrollsystem, der det førebyggande elementet er gjennomgåande i driftsrutinane for heile verksemda. Vi gjennomfører kurs i bruk av dette styringsverktyet retta mot kvar enkelt tilsett. Det er og på det reine at eit godt miljø er føresetnaden for trygg og effektiv matproduksjon over tid, og at den enkelte vil ynskje å halde ein best mogleg miljøstatus ved sitt anlegg.

I forslaget til lovendring, heiter det at og former for påverknad som ikkje medfører skade, kan sjåast som negative, dersom dei ikkje bidrar positivt. Her meinar SG at lova blir heva over krava til ei kunnskapsbasert forvaltning, og gjev handhevar eit for stort spelerom til å reagere mot påverknad utan påviste skadelege effektar.

4. ledd; heimel til merking av fisk

Det vil vere ei heile næringa si interesse at rømt fisk kan sporast attende til eigaren, og for å kunne varsle denne om ei uoppdaga rømming. Samstundes må ikkje merkinga gå ut over fiskehelsa.

Det har til no vorte gjort ein stor utgreiingsjobb kring aktuelle merketeknikkar, og den som har vore rekna som mest aktuell, fettfinneklypping, byr på ein del opplagde manglar og biverknader. Denne merkinga vil ikkje gje nokon indikasjon på kven som eig fisken, og vil heller ikkje kunne skiljast frå kultivert fisk eller annan fisk med same merke. Her vil og vere fare for svekka fiskehelse.

SG meinar at ein må halde fram arbeidet med å finne fram til ein meir eigna merketeknikk, der ein kan spore individet attende til eigar og helst lokalitet.

Heimel til bruk av steril fisk

Nye forsøk med steril fisk syner at der enno er mange utfordringar knytte til denne dritsforma. Det er og usikkert kva reaksjonar ein slik manipulasjon av fisken vil vekkje i marknaden. SG meinar at ein lovheimel om krav til å bruke steril fisk er ei forskotering av potensialet til ei slik tilpassing, og pr i dag ikkje vil vere gagnleg for korkje fiskehelsa, miljøomsynet eller næringa.

§ 11; Avgift og gebyr for offentleg miljøovervaking og miljøundersøkingar

Havbruksnæringa er i dag pålagde strenge og konkrete krav til miljøundersøkingar knytte opp mot lokalitetar, det vere seg ved etablering, drift og avvikling. Dette gjev eit godt bilde av miljøpåverknaden frå den konkrete driftseininga, og vilkåra for ein god produksjon der.

Når det kjem til miljøovervaking, meinar SG at her vil også andre faktorar enn påverknad frå oppdrettsverksemd vere med og danne biletet, og det vil vere lite målretta og adressere desse kostnadane direkte til ei spesifikk næring. Dersom ei slik overvaking skal gjelde ”influensområdet”, vil det vere vanskeleg å finne ei avgrensing, all den tid der er stor usikkerheit på dette feltet.

SG fryktar at ei slik avgift vil gå til mange tiltak som ikkje er målretta nok i høve til oppdrettsnæringa sin konkrete miljøpåverknad, og at det skal bli ei for romsleg kjelde for finansiering av oppgåver som burde finansierast av storsamfunnet eller ei breiare samansett gruppe av aktørar.

§ 13A, pliktig deltaking i felles pool for fjerning av rømt fisk

Rømming av fisk frå oppdrettsanlegg er ei av dei verst tenkelege hendingane for eigarar og tilsette. Det representerar eit stort tap både på kort og lang sikt, og blir som regel etterfylgt av ein svært krevjande prosess. Årsakene til ei rømmingshending kan vere rutinesvikt, uhell ved handtering av fisk og nøter, feil og manglar ved ustyr eller monteringa av utstyr, havari som fylgje av ekstremvær eller annan type skadeverk påført anlegget. SG kjenner ikkje til tilfelle der rømming har skjedd ved forsett frå oppdrettaren si side, og det er vanskeleg å tenkje seg ein situasjon der dette skulle vere rasjonelt.

Gjennom strenge krav til internkontroll, risikovurderingar og prosedyrekartlegging, minimerar ein i dag sjansen for rutinesvikt. Nye krav til anleggssertifisering vil sikre at utstyret er godkjent gjennom heile arrangementet, og at dei ulike komponentane er tilpassa kvarandre. Dette vil vere eit stort løft for å unngå rømming som fylgje av utstyrsfeil eller feilmontering. Betra kvalitet på fartya som førestår fôrlevering og fiskehandtering ved anlegga, har minka faren for uhell knytte opp til desse oppgåvene.

Allereie i dag er havbruksnæringa med og finansierar utfisking og andre tiltak for fjerning av rømt fisk frå elvane, mellom anna gjennom eit friviljug miljøfond i regi av FHL. Ein har til og med kosta utfisking av feilvandra, kultivert fisk i enkelte elvar. At der skulle vere trong for ei ny og lovheimla avgift for å ta hand om rømt fisk, klarar vi ikkje å sjå, og det står heller ikkje i forhold til dei påviste skadeverknadane som rømt fisk medfører. Nyare arbeid syner at innslaget av rømt fisk i dei fleste elvar er svært lågt, og ein har heller ikkje påvist at rømt fisk har forringande effekt for reproduksjonen i elvane.

SG finne det heller ikkje tilstrekkeleg utgreia korleis poolordninga skal knytast opp mot eit effektivt apparat for uttak, med dei kvalitetar og avgrensingar ein må sjå føre seg ved ei slik ordning. SG meinar at ei poolordning basert på ei tvungen avgift er eit lite gjennomarbeidd forslag, at det er lite målretta og formålstenleg, og at forslaget bør falle bort.

 

Mvh

Nils Inge Hitland

Dagleg leiar

Salmon Group AS

Tlf: 913 07 371

E-post: nils.inge@salmongroup.no