Søk i arkivet

Framheva CO2BIO og Integrert Akvakultur

Fylkespolitikarane var opptekne av råvaresituasjonen for fiskefôr framover, og Salmon Group nytta høvet til å framheve våre to flaggprosjekt; CO2BIO på Mongstad og Integrert Akvakultur i Solund.

På kvar sin front er dei to prosjekta retta inn mot å avhjelpe råvaremangel for havbruket i åra som kjem. CO2BIO skal dyrke mikroalgar ved hjelp av lys, vatn og CO2 frå reinseanlegget på Mongstad. Prosjektet er eit samarbeid gjennom eit såkalla innovasjonsnettverk, der mellom andre Salmon Group, EWOS og Grieg Seafood har interesser.

Mikroalgane er svært rike på omega 3, og ein ser føre seg at dei om nokre år vil bli eit supplement til den fremste knappheitsfaktoren; fiskeolje. Les meir på prosjektet sine heimesider.

Integrert Akvakultur utviklar dyrkingsteknologi og annan kompetanse for tare i nærleiken av oppdrettsanlegg. Taren tek opp næringssalt frå oppdrettsaktiviteten, og veks raskt. Ved hausting får ein eit førsteklasses produkt, rikt på mellom anna protein. Gjennom bearbeiding kan tare nyttast som eit godt alternativ til andre vegetabilske råvarer.

Tekst: Øyvind Kråkås