Søk i arkivet

230 millionar i ringverknader frå tre fôrfabrikkar

EWOS har fått rekna ut at dei tre fabrikkane i Florø, Meløy og Balsfjord gjev om lag 230 millionar kroner i ringverknader til dei aktuelle lokalsamfunna.

Fabrikken i Florø er største, med 80 tilsette, og står for 140 millionar kroner i innkjøpte varer og tenester. Dette omfattar og store delar av rederitenestene kring fôrleveringa ut til kundane, som EWOS kjøper hos Artic Shipping, med base i Førde i Sunnfjord.

– Havbruksnæringa er ein svært viktig faktor i kommunen sitt næringsliv, seier ordførar i Flora, Bengt Solheim Olsen, til EWOS sitt kundemagasin FORUM. – Vi har heile kjeda representert, frå yngel til ferdig produkt, noko som fører til kraftig verdiskaping som kjem kommunen til gode, held han fram.

Tal frå 2010 syner at 282 personar var direkte tilsette i havbruksverksemder i kommunen, og i tillegg var der registrert 110 årsverk i ulike tenesteytande verksemder.

Les heile saka i EWOS FORUM nr. 5/12

Bearbeidd for salmongroup.no av Øyvind Kråkås