Søk i arkivet

Aktuelt

Ynskjer regionale arealplanar

Politikarar og forvaltning på konferansen i Hardanger var einige om at ein ville få eit betre arealarbeid med ei meir regional planlegging.

Regionalt samarbeid både politisk og byråkratisk blir stadig viktigare i dei fleste samanhengar. Under diskusjonen om arealplanlegging og tilrettelegging for havbruk under konferansen i Fyksesundet torsdag, vart der uttalt både frå politisk og forvaltningsmessig hold at ein ynskjer regionale planar for arealet i fjorden.

Salmon Group har og i vårt tilsvar til regional planstrategi i Sogn og Fjordane peikt på trongen for ein regional kystarealplan, samt ein strategisk næringsplan for fiskeri og havbruk. Også Riksrevisjonen påpeikte i sin rapport om den norske havbruksforvaltninga at der burde kome ein betre heilskap inn i arealplanlegginga.

Tekst: Øyvind Kråkås