Søk i arkivet

Ungdom får sjå næringa frå innsida

Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane arrangerar leir for å syne kystnæringane til ungdom på randen av vidaregåande utdanning.

Denne veka vert det arrangert jenteleir, seinare i haust vert det guteleir. 12 jenter og 12 gutar får delta på eit opplegg der ein prøver seg ombord i eit fiskefarty, er innom supply-båt og mekanisk industri, vitjar oppdrettsanlegg og slakteri, i tillegg til eindel andre aktivitetar. Leiren varer ei heil skuleveke, og er for dei på 10. klassetrinnet.

Frå Salmon Group bidrog denne veka Solveig Willis og E. Karstensen Fiskeoppdrett AS til at jentene fekk eit interessant innblikk i vår næring. I Florø vitja dei og Slakteriet AS og Havlandet Forskningslaboratorium, og fekk dermed sett ulike oppgåver innforbi laksenæringa. Håpet er at vi ser nokre av desse ungdomane att på vidaregåande opplæring for havbruk neste haust, og etter kvart ute i næringa.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane

Les og:

Nøgde ferievikarar hos Osland Havbruk

Salmon Blog: Kvar sviktar rekrutteringa?