Søk i arkivet

Aktuelt

Søkje midlar frå Havbruksprogrammet?

Forskingsrådet delar ut 5 millionar kroner til innovasjonssprosjekt i havbruket. Fristen for å søkje for prosjekt med oppstart i 2013 er 17. oktober.

Forskingsrådet varslar at ein for 2013 vil ha særleg auge for prosjekt som går på miljømessig bærekraft, men der kan og søkjast for prosjekt med andre tema. Prosjektperioden kan vere på inntil 3 år.

Stønad frå Havbruksprogrammet kan inngå som opp til 30 % finansiering av eit prosjekt. Andre offentlege midlar, som til dømes Skattefunn, kan søkjast i tillegg.

For meir opplysningar, sjå Forskingsrådet si utlysing

Tekst: Øyvind Kråkås