Søk i arkivet

Salmon Blog: Utdanning må sjåast i eit livsløpsperspektiv

Omlegginga som i dag er føreslått for skulestrukturen i Hordaland, er tufta på kortsynte tankar om innsparing i utdanningsleddet. Desse kronene vert fattige opp mot dei utfordringane næringslivet møter om vi ikkje får tilgong på den naudsynte kompetansen.

Utdanning må ikkje oppfattast som ei vare ein kan produsere på ein lageleg plass og frakte dit der er bruk for den. Spesielt yrkesutdanninga har all mogleg fordel av å vere lokalisert i eit miljø der den kan nyttast, og elevane ser det i ein samanheng med sitt vidare livsløp. Her finn ein eit kunnskapsmiljø og ein yrkeskultur.

Å sende elevar vekk frå sterke havbruks- og fiskeindustrikommunar for å gje dei utdanning, for so å be dei kome att når dei er ferdige til arbeid, er å svekke både utdanninga og samfunnet det vert forventa at dei skal vende tilbake til. Ikkje berre svekkar utflyttinga av ungdomen desse samfunna, men eit manglande tilbod om skulegang vil og auke fråflyttinga og bremse tilflyttinga av heile familiar. Foreldre ynskjer å bu på stader der ungane kan få ei utdanning også etter fullført ungdomsskule.

Større klassar, meir pendling og færre fagmiljø høyrest heller ikkje ut som oppskrifta på eit godt undervisningsopplegg. I staden bør næringsliv, fylke og skular gå i dialog om korleis ein kan styrkje dei tilboda som i dag eksisterar. Den verkelege utfordringa framover vil bli at næringslivet ikkje får fatt i den kompetansen ein treng. Utdanninga må sjåast i eit livsløpsperspektiv, som berre eitt ledd i ei kjede av verdiskaping.

Tekst: Øyvind Kråkås