Søk i arkivet

I år blir det julebord også i nord

Salmon Group held i år julebord på Thon Hotel Lofoten i Svolvær 23. november.

Med dette håpar vi å samle våre oppdrettarar i nord til ein hyggeleg samankomst. Det vert helde fagmøte tidlegare på dagen, der kurs i internkontroll står øvst på agendaen.

Selskapa vert inviterte til å ta med så mange som dei ynskjer frå sin stab. Vi håpar og at nokre frå sør vil ta turen nordover denne helga.

Som vanleg vert det julebord i Bergen, på Radisson Blu Royal den 7. desember. Også her vert det fagmøte i forkant.

Spørsmål om julebord?

Ta kontakt med Øyvind Kråkås