Søk i arkivet

Forslag om “kollektiv straff” ute på høyring

I sin rapport føreslo arealutvalet å innføre kollektive sanksjonar mot næringa ved til dømes rømmingar. Denne tanken er vidareført i FKD sitt forslag til endringar i akvakulturlova.

Forslaget, som innebære ei endring av § 13a i akvakulturlova, seier at “innehavere av akvakulturtillatelser (kan) på objektivt grunnlag og i fellesskap holdes økonomisk ansvarlig for å fjerne organismer som har rømt”. Dette vil seie at oppdrettsnæringa som fellesskap skal dekke offentlege og private utgifter med gjenfangst etter rømmingshendingar, uavhengig av kva selskap som opplever rømming, og uavhengig av skuldspørsmålet.

Ansvaret vil bli regulert gjennom ein “pool” der alle oppdrettsverksemder skal betale inn avgift til fellesskapet. Medlemsskap i denne poolen vil vere obligatorisk, med mindre det vert gjeve dispensasjon frå dette. Dessutan er bestemmelsen utforma slik at styresmaktene vil kunne krevje ytterlegare dekning frå næringa dersom poolen ikkje strekke til i det konkrete tilfellet.

Fiskeridepartementet innrømmer i høyringsbrevet at det heftar betenkelegheiter med denne typen “kollektiv straff”, og at dette ikkje er utprøvd i andre næringar.

Les høyringsdokumenta på FKD sine heimesider

Tekst: Øyvind Kråkås