Søk i arkivet

Får støtte til fase 2

Prosjektet Integrert Akvakultur som Salmon Group og Sulefisk har delteke i sidan 2010, har no fått tilsegn om støtte til ein ny fase frå Innovasjon Norge.

Prosjektet, som vi deler med hollandske Hortimare, tek sikte på å utvikle kommersiell taredyrking som ein avleggjar av konvensjonelt lakseoppdrett. Gjødsling frå lakseproduksjonen får taren til å vekse raskare, og med ei biologisk tilpassa og mekanisert dyrkingsform kan dette bli ein effektiv måte å dyrke ei verdifull råvare.

Tare inneheld mellom anna mykje protein, og er eigna som ei tilsetning til matvarer eller for fersk konsumvare. Ein vil og kunne ha nytte av taren i fiskefôr eller som biodisesel. Ulike delar av planten eignar seg til ulike føremål, så det er om å gjere å få best mogleg nytte av heile veksten.

Så langt har prosjektet handla mykje om å få taren til å ta seg på utsettslinene, ved å plante ut små sporar. Denne delen har vi no god kontroll på, og neste fase vil handle meir om vekst i sjøen. Vekstperiodar og haustingsteknikk må avklarast for å kunne nytte ein ideell periode frå utsett til hausting. Fase 2 skal legge tilrette for eit storskala utsett, og vi vil difor jobbe med både produksjonsteknologi og marknad i denne fasen.

Tareproduksjon vil handle om å levere eit stort nok volum av den rette kvaliteten til rett tid. Dette vil krevje spissing opp mot definerte kundar, og i fase 3 vil vi ynskje å involvere desse. Difor vil vil og bruke fase 2 til å finne fram til dei kundane vi vil ha med i fase 3.

Interessa for tare som råvare er i stigande i Noreg, men er enno langt større i andre land. Vi jobbar difor internasjonalt med å få oversyn over marknaden.

Tekst: Øyvind Kråkås